Suksessforfattar Agnes Ravatn er kjend som ein skarp ironikar, men sjølv er ho usikker på kva det inneber. Ho lovar til og med 10 000 kroner til den masteroppgåva som kan forklare det.
– Forslaget til ny opplæringslov betrar ikkje den allereie alvorlege læremiddelsituasjonen for nynorskelevane, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Synnøve Marie Sætre.
Mimmi Tamba er kjent som skodespelar, musikkprodusent og artist. Ho har mange interesser, og ei av dei er å skrive. No er ho aktuell med Du og blir nok skalla ein gong, som er fyrste del av ein diktantologi, og musikkteateret «Semper Eadem» på Det Norske Teatret. Bli med inn i universet til Tamba!
Frode Laks er ei kulturell bru mellom barnehage og skule i Sunnfjord. Når skulane og barnehagane nyttar nokre av dei same songane, dansane og bøkene, kan borna kjenne tryggleik og samanheng.
Ä´vv Saa´mi Mu´zei, Skoltesamisk museum, ligg i den idylliske bygda Njauddâm, Neiden, i Sør-Varanger kommune i Finnmark. Museet tar for seg den unike og lite kjente historia til det vesle skoltesamiske folket og landet deira.
Musikalske kattar, trøystande kattar og døyande kattar: Musikar og forfattar Roald Kaldestad turnerer stadig med framsyningar baserte på både gamle og nyare bøker. Møt han i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret.
Er du jakt etter ein nynorsk roman som kan vere kjekk å arbeide med på ungdomstrinnet? Susanne Marie Holthe Andreassen er norsklærar og arbeider ved Hovedgården ungdomsskole i Asker. Her har dei gjort seg gode erfaringar med å bruke romanen Nedteljing av Anders Totland i klasserommet, og dei har utforma eit undervisingsopplegg som dei no deler med Nynorsksenteret.