Overgangen frå barnehage til skule kan vere stor for mange av skulestartarane. Ved å vidareføre aktivitetar som leiking og synging når dei startar i skulen, blir kanskje overgangen lettare.
I 2020 undersøkte Framtida i kva grad lærarane synest det er lett å ha kontroll på innstillingane på elevmaskinene. Svara frå lærarane viser at det er mindre enn ein femtedel av lærarane som synest det er lett å ha kontroll på språkinnstillingane på elevmaskinene. Kva kan gjerast for å gjera det lettare?
Skulebiblioteket skal tilby eit breitt utval av barne- og ungdomslitteratur, og har ansvar for at litteraturen elevane møter, er relevant og speglar dei. For å oppfylle måla i Kunnskapsløftet er det ein føresetnad at elevane har tilgang på velfungerande skulebibliotek. Elevar av i dag treng å lese litteratur av i dag, og dei treng å møte litteratur på både nynorsk og bokmål.
Å vere forfattar er ikkje berre enkelt, og at det også tek lang tid, har elevane på 7. trinn ved Knarvik barneskule og Grasdal skule fått erfare denne vinteren og våren. Dei har delteke i skriveprosjektet «Medvitne nynorskbrukarar», der dei har skrive tekstar på nynorsk og laga illustrasjonar til dei. Elevane har fått kyndig hjelp av forfattar Tor Arve Røssland og illustratør Kjersti Isdal.
Forfattar Sigmund Løvåsen leier forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring. Målet er ein meir mangfaldig nynorsk litteratur og ei rikare offentleg samtale.