Nynorsksenteret har oppdaterte nettsider med ressursar og aktuelle tekstar for vaksne som lærer nynorsk som innvandrarar. Du kan også tinge nettseminar for dei som underviser i vaksenopplæringa.
Aina Salberg har funne ein nøkkel til nynorsk skrivemotivasjon hjå elevane sine. Kvar veke gir ho elevane eit utval skrivestartarar som elevane får skrive vidare på, og resultatet er meir motiverte elevar og betre skrivekompetanse i nynorsk. På Instagram har ho oppretta kontoen Ainas elevdiktunivers, der ho publiserer elevarbeida.
8. september er FN sin internasjonale dag for lese- og skriveferdigheiter. Lesetimen, eller Read Hour, er ein internasjonal kampanje som oppmodar alle til å setje av ein time til å lese denne dagen.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har gjeve Nynorsksenteret ansvaret for rettleiing av dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar.