«Høgtlesing, er det så viktig, då?» Det korte svaret er «ja». Og når ein svarer ja på dette spørsmålet, er det fordi lesing og språkutvikling heng saman. Lesing rommar så mykje og er ikkje berre ein aktivitet for aktiviteten si skuld. Lesing har ein språkleg verdi.
Fargespill er eit fredsskapande kunstprosjekt for born og unge med musikk og dans frå heile verda. Det er langt meir enn ei framsyning. Det er også ei overtyding om at menneske, språk og kulturar kan møtast som likeverdige.
Snart er det halloween, og det passar bra med ein ekte grøssar, både for dei som er for eller imot knask og knep. Her kjem nokre boktips for små barn, skulebarn og ungdomar. – Låg, middels og høg grad av grøss.
Korleis kan elevar med bokmål som hovudmål få eit godt møte med nynorsk? Kompetansehevingspakken Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk er no pussa opp og justert til den nye læreplanen.
No nærmar det seg FN-dagen, og denne dagen vert markert rundt omkring i skular over heile landet. I samband med det har vi samla nokre aktuelle nynorske ressursar og boktips som kan passe til denne markeringa.