Fryktar dei språkpolitiske konsekvensane
– Om NDLA vert avvikla, forsvinn eit viktig nynorsktilbod for både elevar og lærarar, og det vil oppstå eit hòl som ikkje forlaga greier å fylle med dagens praksis. Difor meiner eg det er viktig å lyfte dei språkpolitiske konsekvensane i denne debatten, seier lærar Synnøve Marie Sætre som er nestleiar i Noregs Mållag.
31.08.2021