Å satse på gode skolebibliotek med fagutdanna tilsette som kan formidle rett bok til rett lesar til rett tid, er viktigare enn nokon gong, meiner Vibeke Røgler i Foreningen !les.
Når eg har hatt kurs i nynorsk, har eg ofte møtt på folk som meiner å ha lært at s-genitiv ikkje er lov i nynorsk. Men korleis kan det då heita Noregs Mållag?
Lektor på 8. trinn ved Rå ungdomsskole, Anita Steinsbø Støfring, seier det er seint å starte med å terpe på rettskriving på nynorsk sidemål på 8. trinn. Støfring seier at det er viktig at elevar får støtte og hjelp til å bli gode skrivarar så tidleg som mogleg.
På sporet er eit forskingsbasert treningsopplegg i lesing og skriving, utvikla av Lesesenteret, med støtte frå Noregs Forskingsråd. Nynorsksenteret har no omarbeidd På sporet til nynorsk, med nynorske bøker, lesehefte, oppgåver og lærarmanual.
Etter tre år med underteikna som lærar, var dette eit morosamt spørsmål å få frå ein av «gutane mine» i 10a. «Heidi, seriøst, jeg husker ikke hva tysdag er på bokmål!» Tysdag hadde spikra seg fast etter at ordet hadde blitt repetert svært mange gonger, fordi det hadde stått på vekeplanen i alle desse åra.
Ein dag der alle elevane på 8. og 9. trinn kan vere sosiale, ha det gøy og ha varierte oppgåver – og samstundes bli motiverte til å lære nynorsk og levere fleire arbeid til vurdering? Er det mogleg å få til? På Landøya skole i Asker, i eit dialektområde med felleskjønn, ingen a-endingar og en-ending i hokjønn, har vi fått det til, då vi for fyrste gong arrangerte Nynorskdagen i 2019.