Nyleg fekk eg spørsmål frå to karar med høgare utdanning innanfor realfag: – Kva meiner du med sterke og svake verb? Det var ein vekkjar for meg. Barnelærdommen kan vera fjern kunnskap for mange.
Når vi arbeider med barnelitteratur på sørsamisk, arbeider vi med mange ulike problemstillingar samstundes. Lesetrening, leseglede, litterære opplevingar, språkutvikling og omgrepsutvikling hos barn, språklege læringsstrategiar, omsetjarteori, revitalisering av eit utryddingstrua språk, og utvikling av ordtilfanget i språket, skriv Morten Olsen Haugen, prosjektleiar i Trøndelag fylkesbibliotek.
Skrivesenteret har laga heftet Kortdikt – Modelltekstar i kreativ skriving for ungdomstrinnet der dei presenterer undervisningsopplegg i kreativ skriving.
Skal de arbeida med noveller i norsktimane? Nynorsksenteret har samla peikarar til eit utval gode nynorske noveller og kortprosatekstar som finst på nett.
Eg vaks opp med å skrive bokmål, men då eg var 16 år gammal bytte eg til nynorsk. Eg har aldri angra på det valet, tvert om har det berre gitt meg masse språkglede.
Thor Erling Sætrevik ved Lagård ungdomsskole i Eigersund kommune sakna grammatikkoppgåver som var lette å ta i bruk, og som engasjerte gamerane i klasserommet. Han laga difor læringsopplegget «Fortnite på nynorsk» med ei klar målsetting om å gje elevane ei motiverande og engasjerande grammatikk- og språkundervising.
Det er kjekt å kunna litt grammatikk når du skal skilja mellom de og dykk, men du kjem langt med «utskiftingsprøven», eller med å skifta ut de og dykk med dokker.