Inger Johanne Sæterbakk skriv om ungdommar som prøver å finne ut korleis dei kan verte gode til å vere ungdom. Etter tre bøker har ho framleis ikkje svaret.
Lærar Guro Landa Eikeland ved Flekkerøy skole tek elevane med inn i litteraturen. Her får du tips til korleis du kan arbeide med bøkene til Maria Parr.
Dette innlegget handlar om høgtlesing, om barnehageborn og deg som les, som er så heldig å få lese for og med born i barnehagen. Og det handlar om kor viktig, fint og verdifullt det er med høgtlesing. Gammalt nytt, seier du? Kanskje det, men stadig like relevant, om ikkje meir.
Det er mange gode grunnar til å bruke Jon Fosses tekstar i klasserommet. Han er ein produktiv forfattar og skriv i alle sjangrar og for ulike aldersgrupper.
August er månaden for skulestart, og nokre barn er ekstra spente denne tida. Hundrevis av skulestartarar står på terskelen til ein mangeårig skulegang, og ein ny kvardag ventar. Å få ein god start kan vere avgjerande for korleis desse barna vil oppleve tida på skulen. Her har vi nokre tips som kan vere med på å gje skulestartarane ein god start med skulelivet.
Åtte fjerdeklassingar har laga podkastar med barneboktips saman med Nynorsksenteret. Målet med prosjektet er å skape leselyst og leseglede. Nynorsksenteret har laga eit undervisningsopplegg som viser korleis elevar kan lage slike podkastar.
Nynorsksenteret har ansvar for å rettleie dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Frå hausten 2024 vert undervisinga i vaksenopplæringa modulstrukturert.