Alle menneske har ein ibuande musikalitet, og song er ei sentral uttrykksform. Desse songressursane vil inspirere og gi auka medvit til å bruke den nynorske songskatten gjennom heile opplæringsfeltet i glade mai- og junidagar. Tra-la-la-la!
«Kom som du er» er ein leiken og fengjande song på nynorsk. Få med klassa eller skulen din og øv inn songen. Her finn du tekst, tekstvideo, lydfiler til songen og danseinstruksjonar. Han passar fint til sommaravslutning eller klassefest.
Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar.
Leseengasjement er meir enn leselyst. Det inneber også å vere uthaldande, å kunne konsentrere seg og å ha gode haldningar til lesing. Her er ti tips som kan fremje leseengasjement.
Steinkjer videregående skole har i samarbeid med det lokale mållaget arrangert ei innhaldsrik nynorskveke for elevar, lærarar og andre interesserte. Lærarane Ida Lovise Bøe og Karin Ryen har organisert det faglege innhaldet. Her finn du eit nytt undervisningsopplegg som dei har laga til ungdomsromanen Hjartespreng. Du får også tips til korleis ein kan lage ei nynorskveke.
– Elevane vart tryggare på nynorsk, seier lærar Unni Kjelleberg Solli om eit undervisingsopplegg basert på NRK-serien Rykter. Ho er ei av mange som har sett pris på dette opplegget frå Nynorsksenteret.