Barnebok som fordjupingsarbeid

Barnebokarbeid

Kanskje elevane dine kan arbeide med fordjupingsarbeidet i norsk på ein ny måte?

På Sortland videregående skole har elevane på påbygging arbeidd med fordjupingsoppgåva i norsk på ein annan og nyskapande måte i fleire år. Oppgåva er å lage ei barnebok med både tekst og illustrasjon, gjerne om eit vanskeleg tema.

Faglærar Christine Meisterlin har laga ein plan for arbeidsprosessen. Planen viser korleis eit fordjupingsemne om bildebøker for barn kan leggast opp, og han kan omarbeidast slik at han passar til arbeid med andre fordjupingsoppgåver.

Barnebokplan Sortland (PDF) | Barnebokplan Sortland (docx)

Saman med elevane har ho utarbeidd kva kriterium den ferdige barneboka skal vurderast etter.

Vurderingsskjema for barnebok (PDF) | Vurderingsskjema for barnebok (rtf)

Døme på elevproduksjon

Sofies Hemmelegheit
Sofies hemmelegheit

Dei to elevane Monica Dahl og Silje Mortensen laga i 2018 ei flott barnebok om ein vanskeleg tematikk.

Kompetansemål

Kompetansemål etter Vg3 påbygging til generell studiekompetanse:

  • Analysere uttrykksformer i sammensatte tekster i ulike medier og vurdere samspillet mellom dem
  • Bruke tilbakemeldinger og kunnskap om språk, tekst og sjanger til å utvikle egne tekster
  • Skrive litterære tolkninger og sammenligninger
  • Mestre språklige formkrav på hovedmål og sidemål og skrive tekster med etterrettelig kildebruk og et presist og nyansert språk