Fornorskingspolitikken har fått alvorlege konsekvensar for minoritetar

Sannings- og forsoningskommisjonen la 1. juni 2023 fram ein omfattande rapport om granskinga av fornorskingspolitikk og urett overfor samar, kvenar og skogfinnar. Rapporten seier at denne politikken har djuptgåande negative konsekvensar. «Eit meir forsona samfunn bør vere prega av språkleg, kulturelt og identitetsmessig likeverd, og for å få til dette trengst ei brei mobilisering i heile sivilsamfunnet», heiter det i pressemeldinga frå kommisjonen.

Den statleg oppnemnde og uavhengige kommisjonen blei oppretta i 2018 og har bestått av 12 fagpersonar som har utført granskinga. Dagfinn Høybråten var leiar av kommisjonen, og 760 personlege historier har danna grunnlaget for granskinga.

Framlegget av og diskusjonen rundt denne rapporten kan danne eit grunnlag for tverrfaglege arbeidsmåtar og arbeid med mange ulike kjelder. Elevane får også vist ulike norskfaglege kompetansar, og her er to skriverammer som kan hjelpe dei i arbeidet. Oppgåvene legg opp til at elevane kan skrive enten ein fagartikkel eller ein retorisk analyse med fornorskingspolitikk som emne.

52942615535 466039c0b9 k
Sannings- og forsoningskommisjonen. Framme f.v. Anna-Kaisa Räisänen, Liss-Ellen Ramstad, Pia Lane, Dagfinn Høybråten, Anne Julie Semb, Anne Kalstad Mikkelsen, Liv Inger Somby og Inger Elin Utsi. Midtre rad f.v. Jon-Christer Mudenia, Isak Andersen Turi, Aslak Syse, Håkon Hermstrand, Marit Myrvoll og Torkel Rasmussen. Bak f.v. Ketil Zachariassen, Ivar Bjørklund, Per Oskar Kjølaas og Einar Niemi. Foto: Peter Mydske / Stortinget
  • Fagartikkel
  • Retorisk analyse