Barokken

Petter Dass

Jobbsøknad

I før-skrivingsfasen treng elevane ein gjennomgang av sjangeren jobbsøknad med døme. Jobbsøknad anno 1724 (Arkivverket)

Her kan ein velje Petter Dass sin søknad til soknepreststillinga i Alstahaug prestegjeld for å vise det barokke formspråket og korleis ein uttrykte seg overfor den eineveldige kongen i barokken.

Elevoppgåve

Elevane kan prøve å skrive ein «barokk» jobbsøknad for å be om sommarjobb hos til dømes Rema 1000, Skeidar, Parkvesenet eller liknande.

Sjølve skriveprosessen: Ein kan lage skriverammer saman med elevane, eller ha ferdige skriverammer som elevane får prøve ut. Skriveramma bør ikkje vere for komplisert. Det kan derfor vere greitt å ha tre avsnitt.

Innleiing: Titulerings-/adresseringsavsnitt (der utprøving av ymse fontar er ein del av sjølve det visuelle uttrykket). Ein kan drøfte forslag til frasar som kan nyttast, eller kome med moderniserte forslag til nokre av frasane i brevet frå Petter Dass. Det kan vere nyttig å sjå på korleis ein titulerer kongelege og brukar høfleg tiltaleform, jf. lenkjene frå Språkrådet:

Hovuddel: Hovuddelen av jobbsøknaden skal vise at du er den rette for jobben, og at du har gode kvalifikasjonar.

Ein kan kome med forslag til frasar som kan brukast i den barokke stilen, men i ei moderne språkdrakt. Alle forslag til formuleringar kan ein gjerne skrive på tavla slik at elevane har nokre idear om korleis dei kan ordleggje seg, og kanskje har elevane nokre gode og/eller humoristiske forslag til formuleringar? Læraren bør oppmuntre til språkglede og utforskande språkleik.

Avslutning: Gje døme på typiske barokke avslutningar. Avslutninga understrekar ofte at personen ein adresserer, er langt meir fornem og/eller høgtståande enn ein sjølv.

Barokke særtrekk som ein får lagt vekt på i øvinga, er blant anna: kontrastar, overdriving, underdriving og gjentaking.

Ein fordel med å bruke brevet til Petter Dass som eit døme på stilistiske trekk i denne sjangeren er at det er kort, og innhaldet er ikkje for vanskeleg å forstå. Derfor kan det vere lettare å bruke som utgangspunkt for ei skriveøving enn til dømes mange av dei barokke dikta, som kan ha mange og til dels vanskelege språkbilde. Ein får konkretisert ein del viktige poeng som kjenneteiknar samfunnet i barokken, til dømes den sosiale avstanden som kjem tydeleg fram mellom avsendar og mottakar, og elevane får eit visst innblikk i språklege formuleringar frå barokken.

Topografiske tekstar

Å reklamere for eigen heimstad

I opplysningstida skulle topografiske dikt kartleggje materielle ressursar for kongen og vise at distriktet eller regionen var nyttig og verdifull for nasjonen. «Nordlands Trompet» viser dei store fiskeriressursane i Nordland, og får fram at Nordland er ein viktig ressurs for nasjonen, med lange fiskeri- og handelstradisjonar.

Elevoppgåve

Elevane kan skrive eit topografisk tekst som handlar om ressursane i eiga bygd, eigen bydel eller eige nærmiljø i form av ein brosjyre.

Skriv ein brosjyre som skal overtale anten turistar eller småbarnsfamiliar til å besøke eller busetje seg på staden. Brosjyren skal innehalde opplysningar om geografi, klima, folkeliv og naturressursar.

Topografiske dikt frå nyare tid

Ein kan også diskutere korleis næringar som fanst før, ikkje er så dominerande lenger. Elevane kan sjå på fotografi over by- eller tettstadutviklinga. Dei kan også lese moderne topografiske tekstar, til dømes kan elevane få utdrag frå «Stavanger», henta frå diktsamlinga Seine Topografiar av Øyvind Rimbereid. Kanskje næringane har endra seg frå Rimbereid gav ut denne diktsamlinga i år 2000?

Elevoppgåve

Kva kjem til å vere sentralt i ein topografisk tekst om din heimstad om 50 år? Skriv eit dikt eller ein korttekst der du legg vekt på kommunikasjon, busetnad, multikulturelle trekk, klima og næringsliv.

Å skrive vidare på ei historie

Inn I Elden Stort

Utgangspunkt: Aina Basso: Inn i elden (2012).

Denne romanen handlar om hekseprosessane i Finnmark på 1620-talet. Basso tek utgangspunkt i faktiske hendingar, og skildrar desse skjønnlitterært.

Utdrag frå boka kan lesast høgt i klasserommet. Vel eit dramatisk kapittel, til dømes kapittel fire, som du set inn i ein kontekst før du les høgt i klassa.

Romanen eksemplifiserer på ein god måte det samfunnet barokklitteraturen og kulturen vaks fram i, og viser at tema som liv og død, himmel og helvete, synd og frelse avspegla eit samfunn med både hekseprosessar og høg dødsrate, blant anna på grunn av pestbølgjer.

Elevoppgåver

  1. Elevane kan skrive vidare på forteljinga. Her må ein lage skriveøvingar som utdjupar eller spelar vidare på tematikken i det kapittelet ein har lese. Kva skjer til dømes vidare med Minus? Vert mora klaga for trolldom? Kvifor er Karen Olsdotter så sint på mor til Elen?
  2. Elevane kan jobbe med synsvinkelbruk – ein måte er at dei skriv historia med ein annan synsvinkeltil dømes synsvinkelen til Karen Olsdotter eller Kloke Marja.
  3. Ein kan be elevane skrive ei skildring av hovudpersonen eller andre karakterar, basert på det ein får vite om dei i opplesinga. Ein kan diskutere kva som skil indre og ytre personkarakteristikk, og la elevane velje å skrive ein personkarakteristikk basert på tankereferat, og ein personkarakteristikk basert på ytre skildring. Ein kan samanlikne personkarakteristikk med å teikne med ord, – skal ein bruke mange ord, eller få? Skal ein kome med mange detaljar, eller berre nokon få utvalde?

Personkarakteristikk er ofte eit viktig verkemiddel både i eksamensoppgåver gjevne i kortsvar og i novelleanalysar. Det at elevane skriftleg får prøve ut ulike synsvinklar eller jobbe med personkarakteristikk, er viktig med tanke på å trene opp forståinga for at forfattarar har ulike former for skrivestrategiar som dei nyttar i forteljingane sine.

Ein film som tematiserer hekseforfølgingane i Noreg, er Forfølgelsen av Anja Breien (1981). Oppgåvene ovanfor til dømes om synsvinkelbruk og personkarakteristikk kan også brukast i arbeid med denne filmen.


Avisside inspirert av barokken eller av opplysningstida

Først les elevane sakprosateksten «Brende Linnés tippoldemor på bålet».

Artikkelen handlar om Carl von Linné, kjend naturvitskapsmann og forskar, som hadde ei tippoldemor som vart brend på bålet i Noreg. Denne teksten er ein god tekst fordi han gjennom eit tydeleg døme viser eit paradigmeskifte frå eit samfunn der overtru er sentralt, til eit meir vitskapleg samfunn der kjeldekritikk, vitskapleg deduksjon og observasjon vert viktig. I tillegg til denne teksten må elevane få kjennskap til hekseprosessane i Noreg, og kan anten lese utdrag frå Aina Basso sin roman Inn i elden eller bruke historiske dokument frå eige fylke. Det finst mykje stoff om temaet, og ein som skriv om dette, er Rune Blix Hagen i Dei europeiske trolldomsprosessane (2007).

Etter at elevane har fått lære om trolldomsprosessane, kan dei jobbe vidare på ulike måtar.

Elevoppgåve

Ein deler klassen i to. Halve klassen jobbar med ei framside inspirert av barokk og overtru, gudsfrykt og religiøs tilbeding, medan den andre delen av klassen lagar ei avisside frå opplysningstida.

Forslag til avisside frå barokken:

Elevane kan skrive fleire korttekstar i ymse sjangrar, og meininga er at dei skal kunne fungere som tekst på ei avisside. Temaet for avisframsida skal vere overtru. Stikkord kan vere hekseprosessar på 1600-talet i Finnmark eller andre stader i Noreg. Her kan ein tenkje seg at elevane får prøve ut ymse sjangrar: intervju med ei heks, fem på gata, naboen til ei heks, ein ryktespreiar, ein sint ektemann, dommaren, lensmannen og fleire. Ein kan lage ei sak basert på rykte, tips frå anonym kjelde osv.

Forslag til avisside frå opplysningstida:

Elevane kan også få lage ei avisside om opplysningstida. På denne sida kan ein til dømes ha med ein potetreklame, eller reklamere for kaffi og te, som vart populære drikkar i opplysningstida. Dei kan skrive ein liten notis om at alle barn skal konfirmerast, eller ein notis om Pontoppidans lærebok Sandhed til Gudfryktighed, vitskaplege oppdagingar i tida, eller dei kan skrive at Frankrike har hatt revolusjon, og at kongen og dronninga er avretta.

I ei slik oppgåve må elevane ha ein del forkunnskap om perioden, og det kan vere utfordrande. Denne oppgåva eignar seg derfor som eit tverrfagleg prosjekt for faga norsk og historie.

Ein annan måte å jobbe på er at ein kan be elevane om å drive opplysningsarbeid dei vekene de jobbar med opplysningstida, til dømes at elevar førebur skriftleg ei lokal eller ei nasjonal nyheit kvar gong ein har time. I slutten av perioden lagar de ei klasseavis der alle elevar presenterer sakene i ulike avissjangrar: leiar, petit, intervju, artikkel og liknande.

Høvesdikting

Ein av dei som skreiv høvesdikt i barokken, var Petter Dass. Eit av dei mest kjende høvesdikta er «Brudlops Digt til Rasmus Angell i Nordlandene».

I moderne tid har elevane ein visst kjennskap til høvesdiktinga, gjennom til dømes songar som vart skrivne til dei til konfirmasjonen, eller dei har vore i bryllaup eller i feiring av runde dagar og høyrt sjangeren der. Høvesdikta er såleis ofte retta til ein person, men kan også vere skrivne til ei markering, det kan vere alt frå ei tunnelopning til opninga av ein institusjon, eller liknande.

Elevoppgåve

Skriv eit høvesdikt til dømes i samband med:

  • at ein venn av deg har fått førarkort
  • at du og laget ditt vann ein fotballkamp
  • nedlegginga av lokalsjukehuset
  • 90-årsdagen til bestemor

Barokken som inspirasjon for andre tekstar

Poe Stort

Gotisk romantikk og barokken

Eit døme på at gotisk romantikk er inspirert av barokken, ser ein i novella «The Masque of the Red Death» (1842) av Edgar Allan Poe. Novella er gjendikta til nynorsk av Ivar Eskeland med tittelen «Pesten».

Denne teksten er eit godt døme på at forfattaren brukar element frå barokken i eiga dikting. Novella handlar om ein fyrste som rømmer til eit kloster saman med eit utval av muntre og sorglause gjestar. I klosteret festar dei og arrangerer maskeradeball (ein kontrast til det vanlege klosterlivet), og har nok av mat og underhaldning (i motsetnad til resten av folket, som døyr av pest utanfor klostermurane). I denne novella kjem døden inn i slutten av forteljinga som ein personifisert gjest. Han går inn til den lagnadstunge ibenholtsklokka i den svarte salen, der han tek livet av fyrsten, som trudde han var trygt forskansa bak klostermurane.

Poe brukar typiske trekk frå barokken: festen versus alvoret, livsjubelen versus dødsangsten, maskeraden som skjuler og dramatiserer, livet og døden, den personifiserte døden, døden som hemnar eller forløysar, klokka som symbol for timeglaset o.a.

Novella kan ein anten bruke i samband med gjennomgang av barokken eller som ein repetisjon av sentrale trekk ved barokken i den gotiske romantikken.

Elevoppgåver

  1. Skriv ein korttekst om barokke verkemiddel i novella.
  2. Reflekter over valet til fyrsten om å stengje seg inne i borga. Skriv ein korttekst der du diskuterer konsekvensane av valet.
  3. Tenk deg at du er ein av gjestane på borga, og beskriv stemninga der.
  4. Skriv ein korttekst med synsvinkelen til døden anten før eller etter han kjem inn på borga.

1700-talet og kongemakt i endring

Ta utgangspunkt i portrettet av Ludvig 14. av Hyacinthe Rigaud (1701) og samanlikn det med portrettet av Ludvig 16., måla av Joseph Duplessis (1775).

Louis Xiv Of France
Ludvig 14.
Louis Xvi Stort
Ludvig 16.

Elevoppgåve

Korleis vert kongen framstilt på dei to portretta?

  1. Sjå etter positur, haldning, blikkretning, fargeval, bakgrunn, rørsle, vinkling og linjer i bildet, og bruk dette til å vise at framstillinga av kongen og haldninga til kongemakta har endra seg i løpet av 1700-talet.  
  2. Skriv eit lesarinnlegg, facebookinnlegg, blogginnlegg eller ei twittermelding der du anten argumenterer for at det er viktig å behalde monarkiet i Noreg, eller for at det er på tide å avskaffe denne institusjonen.