Opplysningstida

I opplysningstida er reisa og tankespranget konkretiserte tydeleg i ein av dei viktigaste sjangrane i perioden: essayet. Vi har laga oppgåver om det å reise, og knyter desse til ei felles essayoppgåve i klasserommet. Kunnskap, opplysning og refleksjon vert tematiserte i ulike oppgåver som hentar inspirasjon frå opplysningstida.

Nils Klim

Eit essay om å reise

Elevoppgåve: Essay

Elevane skriv ein tekst på 250 ord der dei vel ein av innfallsvinklane nedanfor:

  1. Ei reiseoppleving som gjorde inntrykk på deg
  2. Eit avsnitt der du knyter det å reise til det å oppdage (her kan ein bruke Heyerdal, Columbus, Cecilie Skog, Lars Monsen osv.).
  3. Ei reise ein har lese om, og som har hatt store konsekvensar. (Døme på dette er utvandringa til Amerika, misjonsreiser til Afrika, månelandinga …)
  4. Kva er det viktigaste ved å reise?
  5. Går det an å reise for mykje? (Miljøperspektiv, å reise kan føre til stress, ikkje avslapping, ein syssel for dei velståande? o.a.)

Elevane kan anten velje kva oppgåve dei vil skrive, eller få tildelt ei oppgåve der dei skriv saman i par. På slutten av timen sender elevane tekstane sine til læraren, som set dei saman på ulike måtar, og viser korleis essayet kan endre seg alt etter kva avsnitt ein brukar. Dette kan også vere ei øving i å binde saman tekst og lage gode overgangar mellom avsnitta. Dersom ein prøver ut essaysjangeren i lag i klasserommet, er det lettare å diskutere dei forskjellige versjonane, og elevane får både sjangerkunnskap og får trent seg i å reflektere.

Reisa

Elevoppgåve

Læraren har gått gjennom kjenneteikna på eit essay, og elevane har lese «Byens lys» av Frode Grytten i essaysamlinga 50/50 (2010). I par eller i grupper diskuterer dei kvifor denne teksten er eit essay, og dei leitar etter døme dei kan bruke frå teksten.

Dei skriv deretter saman ein tekst på 250 ord der dei presenterer og deretter forklarar kvifor teksten til Grytten er eit essay.

Opplysning

Frode Grytten skriv: «For oss er liv utan lys utenkjeleg. Det er umulig å førestelle seg det ikkje-elektriske samfunnet. Med opplysningstida blei lys også synonymt med orda objektivitet og optimisme. Mørket var kaos og synd. Mørket var obskurt, dunkelt og uhyggelig» (Grytten 2010:57).

Elevoppgåver

  1. Skriv ein tekst med tittelen «Er all opplysning god opplysning?». 
  2. Skriv ein tekst med tittelen «Den viktigaste kunnskapen i framtida».
  3. Korleis har informasjon og kommunikasjon mellom menneske endra seg fordi nesten alle brukar sosiale medium? Skriv eit blogginnlegg.

Tenk deg!

Å reflektere over noko ein sjølv ikkje har opplevd, er ei krevjande øving, men ho kan også vere lærerik.

Elevoppgåver

  1. Tenk om du ikkje kunne lese. Kva for utfordringar hadde du hatt i dagens samfunn?
  2. Beskriv korleis livet ditt hadde endra seg dersom straumen vart borte ei veke.

Holberg

Drama: Utdrag frå Erasmus Montanus (1723).

I dette dramaet av Ludvig Holberg ironiserer Holberg over Erasmus Montanus, som har teoretisk kunnskap som er unyttig, og som vert ein komisk figur heime på «Bjerget». I motsetnad til Erasmus er broren Jacob oppteken av nyttig kunnskap som han kan bruke i arbeidet sitt som bonde.

Frå akt 4, scene 4.                                         

Jacob.
Men om jeg kunde bevise, at jeg var lærdere end Monsøren er?

Montanus.
Det gad jeg gierne hørt.

Jacob.
Den som studerer paa de vigtigste Ting, meener jeg, har den grundigste Lærdom.

Montanus.
Ja, det er ræt nok.

Jacob.
Jeg studerer paa Avling, og Jordens Dyrkning, derfor er jeg lærdere, end Maansøren er.

Montanus.
Saa holder du groft Bonde-Arbeid for det vigtigste?

Jacob.
Jeg veed ikke, men det veed jeg, at om Bønder vilde ogsaa tage en Pen, eller et stykke Kride i Haanden, og maale hvor langt der er til Maanen, da vilde I Høylærde snart faa en Ulykke i jere Maver. I Lærde drive Tiden bort med at despetere om Verden er rund, 4rekanted eller ottekanted; og vi studerer paa at holde Jorden ved lige. Seer Moonsør nu da, at vor Studeren er nyttigere, og vigtigere end jeres, og derfor at Niels Christensen er den lærdeste Mand her i Byen, eftersom hand har forbedred sin Jord saaledes, at en Tønde Hartkorn deraf er 30 Rixdaler bedre, end i hans Formands Tid, som sad heele Dagen med en Pibe Tobak i Munden, besmurte og krøllede Doct. Arent Hvitfelds Krønike, eller Postill.

Montanus.
Ach jeg døer! det er Fanden skinbarlig, som taler. Jeg har aldrig tænkt min Livstid, at der kunde ligge slige Ord i en Bondedrengs Mund; thi hvorvel alt det, du har talt, er falskt og ugudeligt, saa er det dog en u-gemeen Tale for een af din Stand. Siig mig fort, af hvem du har lært saadan Snak?

Elevoppgåver

  1. Skriv ein tekst på 250 ord der du reflekterer over om det finst unyttig kunnskap? Drøft gjerne med ein medelev før du startar skrivinga.
  2. Erasmus Montanus ser folket på landsbygda på den boklege lærdomen som mindre viktig enn praktisk arbeid. I vår tid derimot lever vi i eit samfunn der bokleg lærdom og lange utdanningar har meir status enn til dømes handverksyrka. Kvifor er det slik? Skriv ein tekst der du anten forsvarar bokleg lærdom eller praktiske yrke.  

Wessel

Patriotisme (av lat. patria ‘fedreland’) tyder fedrelandskjærleik eller nasjonalisme. Ordet patriotisme vart særleg teke i bruk etter den franske revolusjonen i 1789, og blir oftast brukt om ei kjensle av kjærleik, tilknyting og pliktkjensle til eige land.

Menneske av same nasjonalitet søkjer ofte saman når dei bur i andre land, og dyrkar og idylliserer sin eigen kultur og sine eigne tradisjonar. Eit døme på det finn vi i København på siste halvdel av 1700-talet, då Johan Herman Wessel, Johan Nordahl Brun og andre norske studentar søkte saman i Det Norske Selskab for å dyrke norsk historie og identitet.

Læraren kan samtale i klassen til dømes om nordmenn i Amerika som budde i eigne område, og nordmenn i Spania som har eigne butikkar med norske varer.

Elevoppgåve

Skriv ein tekst der du reflekterer over kvifor det er så vanleg at menneske søkjer saman med folk frå same bakgrunn, og kva slags konsekvensar dette har for samfunnet dei bur i.