Romantikken

Romantikken

Dikt og barndom

Ein av dei mest typiske sjangrane i romantikken er diktsjangeren. Elevane kan til dømes lese «Vi er sju» av William Wordsworth, omsett av Halldis Moren Vesaas:

Halldis Moren Vesaas: Dikt i omsetjing (s. 59)

Her bør ein leggje vekt på at interessa for barndom vart større i romantikken, og barnet vart framstilt som eit intuitivt vesen som ofte hadde kontakt med dei døde. Barnet vart også framstilt som eit moralsk korrektiv fordi det forstod meir enn dei vaksne.

Elevoppgåve:

Elevane skriv eit dikt på ei til tre strofer eller ein kort tekst om barn eller barndom. Dei kan ta utgangspunkt i sin eigen barndom, eller ideen om at barn skjønar meir enn vaksne eller har ein sjette sans.

Alle skriv som Wergeland

Wergeland brukte ein «stream of consciousness»-teknikk og var tidleg ute med å prøve denne skriveteknikken. Alle elevane får først prøve å skrive i tankestraum.

Elevoppgåve:

Elevane får utdelt eit kvitt ark, og ein kan velje om dei får eit tema som dei skal skrive innanfor, til dømes «natur», «draum», «døden» eller «kjensler», eller om dei skal begynne å skrive utan at dei får oppgjeve eit tema. Elevane skriv ned ord, uttrykk eller setningar utan at dei får redigere dei. Dei får deretter vite at dei har skrive eit dikt eller ein korttekst. Mange av elevane synest kanskje ikkje teksten deira ser ut som eit dikt, og vil redigere han. Her kan ein diskutere form på dikt, kva gjer dikt til dikt? Dei kan få lov til å byte litt rundt på orda, og kanskje tilføre nokre ord, men alt (eller mesteparten) av det som står i førsteutkastet, skal brukast.

Wergeland og Fosse

Poesiar av Jon Fosse skriv forfattaren tekstar inspirerte av diktinga til Henrik Wergeland: «Då eg tok over Grotten, byrja eg for alvor å lesa dikta til Henrik Wergeland. Og eg skreiv ned eitt og hitt frå dikta i margen. Så skreiv eg av desse notata, og så vart det til at eg skreiv meg igjennom dei, på mitt vis, strauk, bytte ut ord, flytte om, skreiv til» (Fosse 2016:85).

Elevoppgåver:

  1. Jobb som Fosse. Bruk anten «Til min Gyldenlak» eller «Det første Haandtryk» av Henrik Wergeland. Skriv ned kommentarar i margen, byt ut ord, flytt rundt på teksten og lag din eigen versjon.
  2. Læraren kan plukke ut nokre dikt av Fosse som de deler ut og les i klassa. «Eg har mørke fjell», «I vårens pust» eller «Eg er litt utanfor meg sjølv» er fine å jobbe med. Ein kan diskutere ordval eller stemning i dikta før elevane får skrive dikt med same tittel.

Wergeland og Fosse II

«Eg er litt utanfor meg sjølv», «Det er skyldskap» eller «Mi sjel har berre» ser ut til å vere inspirerte av diktet «Mig selv».

Elevoppgåve:

Elevane kan først lese «Mig selv» og deretter dei tre korte dikta av Fosse. Dei kan til dømes særleg sjå på metaforar som vert brukte i dikta. Dei skriv ein tekst som heiter «Klag ikkje under stjernene». Teksten kan vere eit dikt eller ein kortprosatekst, og dei brukar tankestraum-teknikken der assosiasjonane og dei språklege impulsane får flyte fritt.

Mig selv og personangrep i det offentlege rom

Wergeland kan kanskje verke litt vanskeleg tilgjengeleg for elevar, men det spørst heilt på vinklinga. Læraren kan velje å lese eit utdrag frå «Mig selv» og la elevane jobbe grundig med ein avgrensa del av diktet. Eller ein kan jobbe mest med den kontekstuelle situasjonen diktet vart skrive i, og relatere denne situasjonen til korleis elevar vert såra av kritikk eller kommentarar på nettet i våre dagar.

Morgenbladet og Henrik Wergeland debatterte meir og meir heftig utover våren 1841. Diskusjonen starta med ein kritikk av diktet «Englands Salt» av Wergeland, men vart utvida til å gjelde Wergelands gasje som han fekk personleg av kongen. Morgenbladet meinte også at Wergeland, som hadde søkt på stilling som biskop, ikkje var skikka til eit slikt arbeid. Wergeland skreiv «Mig selv» som eit svar på kritikken, men Alfred Bredo Stabell, redaktør i Morgenbladet, ville ikkje la Wergeland trykke diktet sitt våren 1841.

Elevoppgåve:

Læraren kan be elevane skrive ein tekst til anonyme plagarar på Jodel eller SnapChat. Teksten har tittelen «Meg sjølv».

Førebuing:

  1. Tematisk gjennomgang (INNHALD). Læraren deler «Mig selv» inn i ulike delar etter innhaldet i diktet, til dømes «Jeg i slet Lune, Morgenblad», del 2: «Nei Frisk i, Journalister! Kvess bare deres reveklør på klippen», del 3: «Men hvorfor skulle ikke mine årer vredes?» Læraren kan lese diktet og forklare den tematiske inndelinga.
  2. Språk (FORM). Læraren vel ut nokre av metaforane og samanlikningane i teksten og kommenterer dei. Slik får elevane repetert ulike sjangertrekk som er typiske for lyrikksjangeren.
  3. Kontekst (FORMÅL). Læraren fortel om feiden mellom Wergeland og Morgenbladet, og snakkar om det å kjenne seg trakassert, og at ein også kunne oppleve dette då avisene vart meir vanlege, frå og med opplysningstida. Wergeland vekslar mellom ulike kjensler i diktet, og hevdar at han ler mot kritikarane sine på slutten av diktet.
  4. Aktualisering. Kva er eit personangrep – diskuter det i klassen. Kjenner elevane omgrepet «nett-troll»? Kva karakteriserer eit nett-troll? (Læraren skriv assosiasjonar på tavla.) Han kan kanskje dele ut nokre hat-ytringar som han har funne på ein nettstad, til dømes på Dagbladet eller andre nettaviser, og elevane og læraren kan diskutere desse hat-ytringane.
  5. Utprøving. Her kan ein bruke mange innfallsvinklar: Elevane kan skrive ein trøyste- eller oppmuntringstekst til nokon som har vorte plaga av eit nett-troll, eller dei kan vende seg direkte til nett-trollet (INNHALD).
  6. Elevane kan velje å forme teksten som eit blogg-innlegg, lesarinnlegg, chatte-innlegg eller eit dikt. (FORM)
  7. Formål med oppgåva – ulike nivå på formåla:

Elevperspektiv: Eleven skriv denne teksten for å reflektere over korleis ein kan svare på hatmeldingar på nettet, eller korleis ein kan oppmuntre dei som har vorte offer for nett-troll.

Formål litteraturhistorisk: verte kjende med eit av dikta til Wergeland, og sjå korleis dette diktet aktualiserer personangrep i vår tid.

Formål med sjangerdiskusjon: vise at Wergeland skriv eit dikt, som også kan sjåast som eit lesarinnlegg – sjangerdiskusjonar (forma er dikt, innhaldet er debattinnlegg/lesarinnlegg eller forsvar for seg sjølv).

Formål: demokratisk deltaking. Vise at Wergeland deltok i offentlege debattar, og at det var krevjande då som no å vere synleg i det offentlege rom.

Stikkord: livsmeistring, demokratisk deltaking, kreativ skriving