Dei aller fleste bibliotek har ei bokkasse-ordning som barnehagar og skular kan nytte seg av. Med ei slik ordning kan elevane og barnehagebarna få tilgang til gode og interessante bøker der tema og målform er tilpassa barna. Å lese bøker er viktig for språkstimulering og for å gjere barna trygge på språket. Ved å lese bøker vert også interessa for bøker halden ved like.
Jorunn Torheim Vik arbeider på 9. og 10. trinnet i grunnskulen ved Volda læringssenter, eit undervisningstilbod for vaksne med flyktningbakgrunn. Saman med Nynorsksenteret har ho utvikla ressursar baserte på tekstar om nasjonale og vestlege klassikarar og historier, tilpassa denne elevgruppa og LK 2020.
I eit mylder av bøker kan det av og til vere vanskeleg å vite kva bøker som eignar seg best til eigenlesing, og kva bøker som kan passe godt som høgtlesingsbøker. Mange skular har høgtlesing på dagsplanen, anten som ein del av undervisninga eller som ein del av matøkta. Vi på Nynorsksenteret har derfor laga ei lita liste med eit utval bøker som kan eigne seg til høgtlesing.
Du har fått hovudrolla! Som lærar legg du til rette for at eleven skal få mest mogleg ut av eit besøk av Den kulturelle skulesekken (DKS). No blir det også satsa på meir nynorsk i DKS. Vil du ha nokre tips om korleis du best kan ta vare på rolla di?
I dette undervisingsopplegget skal elevane utforske nokre av dei nye orda i språket vårt og få ei betre forståing for språket i endring. Undervisingsopplegget tek utgangspunkt i kjerneelementet språket som system og moglegheit og passar til ungdomstrinnet.
Det er framleis kort tid sidan den nye læreplanen vart teken i bruk. Erfaringane er difor enno ikkje dei heilt store. Med fagfornyinga kom mykje godt tankegods inn i læreplanen, ikkje minst i norskfaget. Samstundes vart karakterkravet i norskfaget endra. Resultatet er blitt ein læreplan som i mitt syn, trass gode intensjonar, endar opp med å vere i strid med seg sjølv.
Kvifor skal norske elevar lære om seksualitet i skulen, og kvifor bør denne undervisninga vere tilgjengeleg på nynorsk? Du tenker kanskje at desse to tinga, seksualitetsundervisning og nynorsk, ikkje automatisk heng saman. Men det er ikkje tilfeldig at vi i Sex og Politikk alltid er påpasselege med å ha vårt seksualitetsundervisningsmateriell tilgjengeleg på nynorsk.
For eit par år sidan forklarte den eldste dottera mi meg så vakkert før eit møte i barnehagen: «Du må seie at det er viktig å snakke samisk med barna, slik at dei får lyst til å bruke samisk med vennene sine når dei blir store også!» skriv Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet og medlem av den norske UNESCO-kommisjonen.