• Blogg

Blogg og nyhende

Kollasj bøker til høgtlesing

Bøker som eignar seg godt til høgtlesing

I eit mylder av bøker kan det av og til vere vanskeleg å vite kva bøker som eignar seg best til eigenlesing, og kva bøker som kan passe godt som høgtlesingsbøker. Mange skular har høgtlesing på dagsplanen, anten som ein del av undervisninga eller som ein del av matøkta. Vi på Nynorsksenteret har derfor laga ei lita liste med eit utval bøker som kan eigne seg til høgtlesing.

07.02.2022

Sample Hybrid Belinda Braza til nettside

Lærarrolla i møte med Den kulturelle skulesekken (DKS)

Du har fått hovudrolla! Som lærar legg du til rette for at eleven skal få mest mogleg ut av eit besøk av Den kulturelle skulesekken (DKS). No blir det også satsa på meir nynorsk i DKS. Vil du ha nokre tips om korleis du best kan ta vare på rolla di?

31.01.2022

Nyord

Dei nye orda – eit undervisingsopplegg om språk i endring

I dette undervisingsopplegget skal elevane utforske nokre av dei nye orda i språket vårt og få ei betre forståing for språket i endring. Undervisingsopplegget tek utgangspunkt i kjerneelementet språket som system og moglegheit og passar til ungdomstrinnet.

25.01.2022

Jens Bertel Kyed til nettside

Ytring: Ein læreplan i strid med seg sjølv?

Det er framleis kort tid sidan den nye læreplanen vart teken i bruk. Erfaringane er difor enno ikkje dei heilt store. Med fagfornyinga kom mykje godt tankegods inn i læreplanen, ikkje minst i norskfaget. Samstundes vart karakterkravet i norskfaget endra. Resultatet er blitt ein læreplan som i mitt syn, trass gode intensjonar, endar opp med å vere i strid med seg sjølv.

24.01.2022

Adele til nettside

Ytring: Heilskapleg seksualitetsundervisning på nynorsk

Kvifor skal norske elevar lære om seksualitet i skulen, og kvifor bør denne undervisninga vere tilgjengeleg på nynorsk? Du tenker kanskje at desse to tinga, seksualitetsundervisning og nynorsk, ikkje automatisk heng saman. Men det er ikkje tilfeldig at vi i Sex og Politikk alltid er påpasselege med å ha vårt seksualitetsundervisningsmateriell tilgjengeleg på nynorsk.

18.01.2022

Lill Tove Fredriksen Foto Privat til nettside

Ytring: Lyst til å bruke samisk – Tankar om FNs internasjonale tiår for urfolksspråk

For eit par år sidan forklarte den eldste dottera mi meg så vakkert før eit møte i barnehagen: «Du må seie at det er viktig å snakke samisk med barna, slik at dei får lyst til å bruke samisk med vennene sine når dei blir store også!» skriv Lill Tove Fredriksen, førsteamanuensis i samisk litteratur ved UiT Noregs arktiske universitet og medlem av den norske UNESCO-kommisjonen.

15.01.2022

IMG 0980 beskjært til nettside

Syng saman i barnehagen

Å synge er kjekt, det gjev rom for meistring, oppleving og medverknad, og det kan opne for kreative prosessar. Her følgjer ti tips til korleis du kan ta i bruk song i barnehagen.

09.01.2022

Bruce mars FWV Mh Ua wb Y unsplash

Ressursar til bruk i heimeskule

Er du på jakt etter læringsressursar og oppgåver du kan bruke i heimeskule og fjernundervising? Her finn du ei oversikt med forslag til småressursar som vi trur kan passe til føremålet.

28.12.2021

IMG 1554 redigert til nettside

Lesing heile veka

Det er ein skarp vintermorgon, og snøen knirkar då vi går ned trappa til Leikanger barnehage i Herøy kommune. Ved døra står det tende lykter, og frå himlingen heng greiner med pynt i. Inne i varmen møter vi styrar og pedagogisk leiar Oddhild Dybvik Aas i full sving på småbarnsavdelinga.

14.12.2021