Å utforske språket

Av Ingrid Slettevoll og Gudrun Kløve Juuhl

Vi har teke del i nokre norsktimar i to ulike klasserom på ungdomstrinnet der vi ønskte å sjå korleis ein kunne få elevane merksame på språket i tekstane dei skreiv. Eit overordna mål var å vere med på å skape ein klasseromskultur der ein snakkar om språk.

Praksiseksempla frå  klasserom A og B bygger på erfaringar frå dette skriveprosjektet.

Mg 8336 Utsnitt

Føremål med opplegget

  • få elevane til å rette merksemda mot språket i tekstane dei skriv
  • utnytte læringspotensialet som ligg i at elevane stiller utforskande spørsmål om språk undervegs i skriveprosessen
  • utnytte læringspotensialet som ligg i at elevane deler kunnskapar om språk med kvarandre
  • flytte meir av lærarressursen frå sluttvurdering til modellering og læringssamtalar i skriveprosessen

Praksiseksempel A – nynorsk som hovudmål

Sjølv om dei fleste elevane i eit nynorskområde har ei felles skriftspråkleg plattform, er det truleg stor variasjon i den språklege ballasten til kvar einskild. Elevar med nynorsk som hovudmål treng å gjerast medvitne om sin språklege identitet slik at dei blir i stand til å skilje ulike språklege variantar frå kvarandre. Desse elevane brukar ofte dialekt og andre munnlege variantar av språket når dei skriv i sosiale medium. I tillegg er dei omgitt av bokmål i mange lese- og skrivesamanhengar og ber difor med seg ei rekkje språklege referansar som kan kome godt med når språk skal utforskast og samanliknast. Korleis skal ein som lærar få synleggjort og verdsett denne kompetansen?

Snakk om språk

Det er viktig at elevane blir oppmoda om å stille spørsmål og undre seg over språklege fenomen mens dei les og skriv eller snakkar saman. Når læraren går gjennom tekstar som elevane har levert inn til vurdering, kan han vise fram språklege «godbitar» frå elevtekstane på den digitale tavla mens han kommenterer kva som er bra med eksempla og fører elevane sine gradvis inn i faget gjennom fagspråket. I klasserom der alle elevane får merksemd på denne måten, blir det skapt ein trygg læringssituasjon der elevane har forventningar om å få presentert ein godbit frå sin eigen tekst.

Modellering

Læraren er både modell og modellør når han sjølv gjer det same som han bed elevane sine om å gjere og forklarer kva han tenkjer undervegs. Ein slik læreprosess kan samanliknast med det som skjer når meisteren viser korleis han utfører eit arbeid og lærlingen tek etter.

Før læraren gir elevane sine ei konkret skrivebestilling der dei t.d. skal skrive ein kreativ tekst, tek han utgangspunkt i ein eksempeltekst og viser korleis dei  kan finne sjangermerke. Sjangerkompetanse handlar både om å sjå strukturar og språklege kjenneteikn i ein tekst og å kunne ta desse i bruk i eiga skriving. Det er avgjerande at læraren kommenterer og viser slike strukturar og bruk av språket i gode eksempeltekstar. I denne prosessen bør læraren ta i bruk grammatiske omgrep og fagomgrep om tekst som elevane i neste omgang kan prøve å bruke. Lat elevane arbeide saman der dei peikar på språklege kjenneteikn i ein eksempeltekst.

Spørsmål som peikar på språklege sjangertrekk i eksempelteksten:

  • Kva ord og vendingar er brukte i starten på kvart avsnitt i hovuddelen?
  • Kva synest du denne formuleringa gjer med teksten?
  • Kva for ord i teksten viser at dette er ein personleg tekst?
  • Kva ord og vendingar i teksten gir inntrykk av at forfattaren har skrive det som fall han inn?
  • Korleis kan du sjå at forfattaren vender seg til ein lesar?

Pararbeid

Ein føresetnad for å få elevane til å snakke om språk er at dei sit parvis og blir oppmoda om å snakke saman og stille spørsmål undervegs. I eit klasserom der det blir forventa at alle sit stille og arbeider med sitt, er det vanskeleg å få til utforsking av språk. Samspel og læring gjennom samarbeid er ein nøkkel som opnar opp for undring og utprøving.

I staden for at elevane skal arbeide individuelt med revidering av teksten sin, kan læraren samle eit utval setningar frå elevtekstar på eit felles ark og utfordre elevane i klassen til å kome med forslag til forbetringar før siste utkast blir levert. Då må elevane parvis diskutere både rettskriving, formverk og setningsstruktur før dei kjem med forslag til endring. Alle forslag blir vurderte og kommenterte av læraren, som dermed viser at arbeidet med å revidere og forbetre ein tekst har verdi.

Praksiseksempel B – både nynorsk og bokmål som hovudmål

I ein klasse der vi finn både elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med bokmål som hovudmål, ligg forholda godt til rette  for at elevane skal kunne lære språk av kvarandre. Korleis kan ein organisere læringssituasjonar der elevane får ta i bruk og dele sin språklege spisskompetanse med ein medelev?

Snakk om språk

Elevane treng gode eksempel og hjelp frå læraren for å kunne tileigne seg omgrep og frasar som dei treng for å skrive tekstar for ulike formål på nynorsk. Ein artikkel i den nynorske avisa Dag og Tid kan gjerne brukast som eksempeltekst, til dømes for å sjå korleis ein argumenterande tekst på nynorsk er bunden saman av frasar, ord og uttrykk som utgjer delar av språkhandlingar. Vis eksempel med utgangspunkt i artikkelen «Kjøtfri middag» av Siri Helle (PDF) på korleis ein kan

  • kontrastere – setje opp mot noko
  • uttrykkje delvis semje
  • markere at noko er eit synspunkt og ikkje fakta
  • markere si eiga forståing/tolking av eit faktum eller ein påstand
  • ta i bruk alternative uttrykksmåtar for det same

Modellering

Det kan vere inspirerande for elevane at læraren modellerer korleis han utfører den same skriveoppgåva som han gir til elevane sine. Når læraren skriv sin eigen tekst på tavla, kan han stoppe undervegs og kommentere kva han sjølv lurer på. Ein slik felles gjennomgang under skriveprosessen gjer det mogleg å løfte fram språklege kategoriar og eit språk om språket. Elevane er samtalepartar og blir oppmoda om å kome med innspel, slik at dei kan øve seg på å bruke metaspråket før dei set i gang skrivinga sjølve. På den måten opplever dei at det er eit mål i seg sjølv å utforske og lure på noko.

Pararbeid – ein bokmålselev + ein nynorskelev

Lat elevane få ei oppgåve der dei skal skrive ein argumenterande tekst på nynorsk der skribenten er synleg, til dømes ei bokmelding om ei bok dei har lese eller eit lesarinnlegg om ei aktuell sak. Ein viktig del av oppgåva er at dei skal ta i bruk liknande frasar som er peika på i eksempelteksten.

Klassen må ha arbeidd med tekstgrunnlaget og rammer for skrivebestillinga før denne delen av skriveprosessen. Læraren styrer prosessen og kan vere stillasbyggar i direkte samtale med dei som treng støtte.

Lat elevane arbeide saman parvis. Denne læringssituasjonen gjer elevane merksame på at dei til saman har ein utvida språkleg kompetanse.

Det er viktig at dei får klare bestillingar og rammer for kva dei skal gjere. Målet er at elevane skal kommunisere og diskutere språklege utfordringar mens dei skriv. Det å kunne stille spørsmål om språklege fenomen og setje ord på kva dei lurer på, er eit steg i retning av språkleg medvit. Det er også ei kjennsgjerning at ein er meir motivert for å tileigne seg kunnskapar når ein er midt i ein arbeidsprosess enn når ein er ferdig.

Første steg

  1. Be elevane kvar for seg skrive samanhengande i 10 minutt.
  2. Be dei å stoppe og markere i teksten kva språklege fenomen dei lurte på mens dei skreiv.
  3. Be dei om etter tur å diskutere med parkameraten kva dei lurte på. Deretter kan kameraten eventuelt kome med fleire kommentarar og spørsmål om språket i elevteksten.
  4. Be elevane om å setje namn på kva språkleg kategori problema dei har møtt undervegs høyrer til under:
    1. Rettskriving
    2. Bøying
    3. Uttrykksmåte/frase
    4. Samanblanding av bokmål og nynorsk

Andre steg

  1. Be elevane skrive vidare i 10 minutt
  2. Be dei stoppe og markere frasar og uttrykk dei har brukt for å binde saman teksten.
  3. Lat dei lese avsnittet for kvarandre og diskutere om ein kan bruke dei same frasane på nynorsk som på bokmål.

Andre ressursar

Kjotfri
Kjøtfri middag – å dekonstruera modelltekst

Ein viktig del av arbeidet med argumenterande skriving handlar om at elevane byggjer opp sine eigen kunnskap ved å dekonstruera modelltekstar.

Samtalepingvin
Utforskande samtalar om språk

Gode språksamtalar i klasserommet fremjar læring. I desse teikneseriane viser me døme på korleis du som lærar kan få til utforskande samtalar om språklege fenomen på nynorsk.