Ei rundreise i Noreg

Den store rundreisa startar i Tromsø, og to vennar reiser derifrå og sørover. Dette er starten på ei lang reise i Noreg, og undervegs blir det mange stopp og tjuefem ulike reisemål. Til slutt kjem vennane heim att til Tromsø. Det blir ulike oppgåver og skriveoppdrag som skal løysast på reisa. Dette er eit undervisningsopplegg som kan gå over litt tid, og som ein kan ta fram med jamne mellomrom. Hovudoppgåvene her er knytte til skriving, lesing og munnleg, men kjem innom fag som geografi, historie og kunst og handverk.  

Ein treng sjølvsagt ikkje gjere alle stoppa og oppdraga, men kan velje ut det ein synest er mest interessant. Oppgåvene har ulikt omfang og vanskegrad. Dokker kan gjerne legge til reisemål i nærleiken av heimstaden dokkar, eller stoppe lenger ein av dei aktuelle stadane og fordjupe dokker i fleire emne derifrå. Tenk også på om det er mogleg å trekke inn fleire fag i arbeidet, t.d. framandspråk, musikk og kroppsøving. 

Det kan vere fint å ha eit kart tilgjengeleg, slik at dokker kan følgje med kvar dokker reiser. Elevar kan lage sitt eige digitale kart her og dokumentere reisa si på det. På www.kartverket.no finn dokker ulike typar kart og mykje fakta om Noreg.  

Elevane bør lage sin ein eigen presentasjon der dei legg inn reiseruta si. Dei kan også finne eigne bilde av stadane dei besøker, og dei kan legge inn svara på dei oppdraga dei løyser undervegs.   

Her finn dokker ei nærare skildring av reiseruta, og oppdraga til elevane: Den store reisa (docx)

Dokker kan gjerne bruke denne presentasjonen med bilde av dei ulike stadane som inspirasjon.  

Reisa startar på hurtigrutekaia i Tromsø. 

Du og vennen/venninna di har lenge tenkt at dokker skulle reise ein lang tur rundt i Noreg. No har dokker endeleg sommarferie, og tar fatt på turen. Turen startar i Tromsø, og dokker går om bord i Hurtigruta. Dette er starten på reisa. Dokker tar Hurtigruta heilt til Bergen, men stoppar undervegs. Sidan drar dokker vidare med toget til Oslo og deretter til Stavanger. Derifrå tar dokker fly til Trondheim, og reiser vidare til Fauske. Her blir dokker plukka opp av ein familiemedlem i bil, og dokker køyrer nordover til Narvik før dokker drar vidare gjennom Sverige og Finland til Karasjok. Så går turen vidare til Vardø der dokker igjen går om bord i Hurtigruta og seglar tilbake til Tromsø der turen starta.