Det første eg hugsar, er ...

Marcos paulo prado tcy W6 Im5 Uug unsplash

Arbeid med sjølvbiografisk tekst

Alle liv har si forteljing, også dei korte liva til elevane. Når elevane får skrive om sitt eige liv, får dei reflektere over eigen identitet og kva som har forma dei til å bli den dei er i dag. Å skrive ein sjølvbiografi eller miniportrett om seg sjølv er eit av måla med dette undervisningsopplegget.

Boka Nærgåande skisser av Erling Lægreid inneheld miniportrett av 40 personar i norsk kultur- og samfunnsliv. Føreordet i boka er ein slags sjølvbiografi, eller eit portrett som summerer opp livet, karrieren og karakteren til forfattaren.  

Etter å ha lese føreordet får elevane arbeide med oppgåver som handlar både om sjanger, språklege verkemiddel og språkleg stil.

Les føreordet, side 9–13, i boka Nærgåande skisser av Erling Lægreid.

1 Forslag til oppgåver om forfattaren 

Kven var Erling Lægreid, og kva er han kjent for? Her finn du meir informasjon om forfattaren.  

Korleis vil du skildre livet og eigenskapane til forfattaren etter å ha lese føreordet side 9–13?

  • som liten gut 
  • som ungdom  
  • som vaksen

 2 Forslag til samtalespørsmål/arbeidsoppgåver 

  • Korleis vil du skildre skrivestilen til Erling Lægreid? Kva for nokre verkemiddel brukar han i denne teksten? (Ironi, overdriving, underdriving, sarkasme, korte setningar, kontrastar, satire, metafor.) Kva for nokre ordval gjer han?  
  • Forfattaren har skrive mykje handling og informasjon inn i kvart avsnitt. Kva gjer det med teksten og lesaropplevinga? Likar du det? Kvifor / kvifor ikkje? 
  • Korleis kjem dei retoriske appellformene etos, patos og logos til uttrykk i teksten? Her kan du lese om retoriske appellformer. 

 3 Forslag til grammatikkoppgåver

  • Set strek under alle verba i infinitiv i teksten. Kva infinitivsform nyttar forfattaren?
  • Les om a-infinitiv, e-infinitiv og kløyvd infinitiv her.
  • Les gjerne også kronikken «Å vera eller ikkje vera for a-infinitiv. Blir du med på A-laget» av Svein Olav Langåker her.
  • Forklar skilnaden mellom a-infinitiv, e-infinitiv og kløyvd infinitiv og kva som er normene for når og korleis vi skal bruke dei ulike formene.
  • Kva infinitivsending brukar du? Når du snakkar? Når du skriv nynorsk? Når du skriv bokmål?

4 Forslag til skriveoppgåver 
 

Bruk teksten til Lægreid som inspirasjon, og skriv sjølvbiografien din, frå du vart fødd og fram til i dag. Prøv gjerne å skrive i den sarkastiske, ironiske stilen til Lægreid. Lag først ei liste med hendingar du vil ha med i teksten. 

Skriv ein tekst på 100–150 ord, som startar med ei av desse setningane 

  • Det første eg hugsar, er … 
  • Tretten år gammal … 
  • Det eg likte aller best, var å … 
  • Eg har ein mistanke om at … 
  • Eg likte å jobba … 
  • Somme meiner eg var bortskjemt …