Språklege læringsaktivitetar i førjulstida

Er du på leit etter ein julekalender med språklege aktivitetar i klasserommet? Ein kalender å henge opp i klasserommet, som krev lite førearbeid, med kjekke oppgåver for kvar skuledag i adventstida? Det finn du her. 

Julekalender

Julekalenderen til Nynorsksenteret inneheld kjekke og læringsfremjande språklege aktivitetar som også skaper julestemning i klasserommet. Vi har laga ei flott innpakking til aktivitetane, med ein lysbiletepresentasjon for kvar dag. Vi har også laga materiell som de kan pakke i konvoluttar, slik at de i klasserommet får ein fysisk adventskalender som høyrer til dei språklege aktivitetane.  

Dersom du ønsker ein fysisk kalender i klasserommet, må du rekne med å bruke ein time eller to i november på å skrive ut tekstar, bilete og oppgåver, putte arbeidsark, materiell og utskrifter i konvoluttar, lime på lappar og henge opp. Deretter er alt klart for ein kjekk, nynorsk adventskalender i klasserommet.  

Om du ikkje har lyst å gjere alle aktivitetane eller vil byte ut nokre av aktivitetane, står du fritt til å redigere i lysbiletepresentasjonen. Tilpass slik at det passar dykkar timeplan og elevgruppe. Fleire tips til førjulsoppgåver frå Nynorsksenteret finn du på sida med juletips. 

1.–4. trinn

5.–7. trinn