Renessansen

Fleire av dei eldre klassiske forfattarskapa er omsette til nynorsk, og frå renessansen er det sjølvsagt naturleg å bruke Shakespeare-gjendiktingane. Sonettane har vorte gjendikta til nynorsk av blant andre Per Olav Kaldestad: William Shakespeare Sonettar og songar, Det Norske Samlaget (2002). Ragnvald Skrede er også ein kjend Shakespeare-omsetjar, og han har omsett alle sonettane: Sonettar (1972).

Renessansehandskrift Ws

Det finst mange innfallsvinklar til å jobbe med Shakespeare skriftleg. Oppgåvene nedanfor har ulik vanskegrad, og elevane kan få fleire oppgåver å velje mellom.

Kjærleiksdikt med utgangspunkt i ein metafor frå sonett 130 eller sonett 18

Læraren deler ut og les ein sonett, og forklarer nokre sjangertrekk ved sonetten.

Elevoppgåve

Elevane skriv eit kjærleiksdikt på ei strofe med enderim, der dei skal ta utgangspunkt i ein av metaforane frå sonetten. Nynorskordboka på nett kan vere til hjelp her. Skal du til dømes finne ord som rimar på kyss, kan du søkje etter *yss og slik få opp alle orda som sluttar på ...yss.

Dei sju aldrane, henta frå Som du vil (As you like it)

Edvard Hoem har gjendikta mange Shakespeare-drama til nynorsk, blant anna Som du vil, Oktober forlag (2000).

Dei sju aldrane til mennesket (Som du vil, side 107–108) kan vere utgangspunkt for elevane sine eigne versjonar av korttekstar som handlar om alderdom, ungdomstid eller barndom.

Elevoppgåve

I før-skrivingsfasen kan elevane jobbe i grupper og skrive tankekart over kva slags ord som dei assosierer med dei ulike livsfasane. Assosiasjonane skriv de på tavla. Elevane kan samarbeide om å lage metaforar om eit avgrensa tema, til dømes «Kan de lage tre metaforar om alderdom?». Slik får elevane reflektert over temaet saman, før dei begynner å skrive eigne korttekstar om ein eller fleire livsfasar.

«Umogelege kjærleiksval» med utgangspunkt i Romeo og Julie

Elevane skriv ein tekst om umogeleg kjærleik. Elevane les eit utdrag frå Romeo og Julie, gjendikta av Edvard Hoem, Oktober forlag (2000).

Bruk til dømes slutten av Akt 1 scene 5 (s. 47–48), der det går opp for Romeo og Julie at dei er frå ulike familiar som har vore i strid med kvarandre lenge (Montague og Capulet), og at kjærleik mellom dei to derfor er umogeleg.

Elevane kan lese utdrag frå andre tekstar som handlar om same temaet. Eit døme på ein roman som har vorte samanlikna med Romeo og Julie, er Jacayl er kjærlighet på somali (2014) av Håvard Syvertsen og Amal Aden.

Elevoppgåve

Elevane skriv ein korttekst der dei diskuterer om det er rett at individet sine val skal vere viktigare enn omsynet til familie og tradisjonar.

Kjeldene

Intertekstualitet

Elevane skal bruke eit uttrykk, ei verseline eller ein metafor frå ein original renessansetekst. Her kan ein trekkje inn refleksjon om tekstar som refererer til andre tekstar, og konkretisere intertekstualitet som omgrep.

Elevoppgåve

«Ein kveld i Verona» av Tarjei Vesaas er inspirert av tematikken i Romeo og Julie. Dette diktet finn ein i diktsamlinga Kjeldene (1946).

Diktet til Vesaas viser ein intertekstuell referanse ved å bruke staden Verona, og å skrive om lengt, forventning og forelsking som tema.

Finn tre formuleringar som du liker frå diktet, og bruk dei i ein eigen tekst om forventning eller forelsking.

Shakespeare i reklame

Elevoppgåve

Elevane brukar eit kjent Shakespeare-sitat som «Å vere eller ikkje vere – det er spørsmålet» og lagar ein reklame der dette sitatet er ein del av teksten.

Dei klassiske kjærleikshistoriene

Moderne versjonar av Romeo og Julie finn ein att til dømes i kjærleikshistoria Dirty Dancing, i highschool-filmar som Grease eller i eventyr som Askepott.

Elevoppgåver

  1. Skriv 250 ord der du reflekterer over kva som er dei viktigaste ingrediensane i ei god kjærleikshistorie, og kva som kan vere årsakene til at slike tema held seg over tid.
  2. I filmane ovanfor endar kjærleikshistoria med at dei to får kvarandre. I Romeo og Julie derimot, døyr begge. Kvifor trur du at filmindustrien ofte vel den lukkelege løysinga? Skriv 250 ord om dette.
  3. Både i romanen og filmen Et helt halvt år (2016) bestemmer Will seg for å døy, sjølv om han elskar Lou. Kva kan vere grunnen til at denne romanen har vorte enormt populær og omsett til over 30 språk?
  4. Ronja Røvardotter (1981) av Astrid Lindgren er ei forteljing som ofte vert samanlikna med Romeo og Julie. Kva trur du kan vere grunnen til det?

Oppdagingsreise

I renessansen vart det gjort nye oppdagingar av kjende sjøfararar og handelsfolk som Kristoffer Columbus, Vasco da Gama og Ferdinand Magellan.

Elevoppgåve

Kva skulle du ønskje du hadde oppdaga? Skriv ein korttekst.

Brev til ein autoritet

Det å utfordre autoritetar i samfunnet kjenneteikna renessansen. Martin Luther utfordra den katolske kyrkja, Galileo Galilei og andre naturforskarar utfordra kyrkja si lære om at jorda var flat og i sentrum av universet. Læraren fortel om konfliktane mellom kyrkja og vitskapen i renessansen, og elevane diskuterer kva slags konfliktar som finst i dag.

Elevoppgåve

Skriv eit personleg brev/lesarbrev til ein du er djupt usamd med, til dømes ein politikar, ein fotballdommar, ein lærar, ein prest eller ein forelder der du argumenterer for ditt syn. Du kan bruke både patos-, logos- og etos-argumentasjon i brevet.