Bok på 1-2-3: Den mystiske krukka

Tverrfagleg undervisningsopplegg i norsk, samfunnsfag, naturfag og kunst og handverk. I tilleggsoppgåvene er også musikk teke med. Det er teke utgangspunkt i kompetansemål etter 4. trinn, og dei tverrfaglege temaa i LK20 er vektlagde i ressursen.

Om boka:

Tore vil så gjerne vere venn med Preben, og han ønskjer seg så eit telt slik at han kan vere med Preben på telttur. Men Tore har ikkje pengar til å kjøpe telt, og han kan ikkje spørje foreldra heller. Forelda til Tore er skilde, og Tore bur saman med mora si. Pappa har fått ny kjæraste. Ho heiter Britt. Tore, som er veldig interessert i fuglar, meiner ho minner om ein gauk. For gaukar stel andre sine reir, slik ho stal pappa frå Tore og mamma. Ein dag mora til Tore kjem heim frå vaskejobben sin, har ho med ei krukke. Krukka har ho fått frå politimeisteren som snart skal flytte til ein aldersbustad. Krukka er dekorert med våpenskjold, og sidan mora synest krukka er kjempestygg, får Tore lov til å kjøpe krukka av henne for 200 kroner. Tore startar å undersøke krukka nærare og tek henne med på skulen for å vise henne til Preben. Men Preben ser ikkje ut til å vere interessert i krukka. Det er derimot Gabriel, som er oppteken av «gamle dagar». Kanskje krukka er frå mellomalderen? Og kan krukka vere verd noko? Tore startar å jakte på svar, og jakta fører han både til skumle antikvitetshandlarar og til nasjonalmuseet i Skotland. Når foreldra skjønar at krukka kanskje er verd meir enn dei trur, startar dei å krangle om pengar, og Tore opplever at han kanskje ikkje kan stole på foreldra sine.