Bok på 1-2-3: Månen som ville lyse som ei sol

Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnesteget i faga norsk, naturfag, samfunnsfag og kunst og handverk.

Boka tek føre seg fleire vitskaplege fenomen og tema, men handlar også om det mellommenneskelege: å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike.

Sola og månen er hovudpersonane i forteljinga. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er mørke midt på dagen. Månen innser at han ikkje har strålekrafta til sola: «Eg tok feil, kviskrar månen. Eg lyser ikkje!» Men også sola innser at ho har tatt feil av månen. Ho har vore så overlegen og sagt at han ikkje er til verken nytte eller glede, men no innser ho at han er høgst naudsynt: «Kven skal elles spegle lyset mitt når dagen er over, smiler ho.»

Utdrag frå boka

Filmar nytta i opplegget

Daniel S. Wood: Valse Caprice
Prokofiev: Romeo og Julie, nr. 13
Sola, månen og solmørkinga av Elin Grimstad
Korleis ei unik biletbok vart til av Det Norske Samlaget
Om sol og stjerner, Kråkeklubben NRK Super
Planeter og avstander, NRK skole
Månen
Den glødende sola
Tidevann – høyvann og lavvann
Henri Matisse: Drawing with Scissors