Kva hunderase passar for meg?

Eit opplegg av Skrivesenteret, omsett av Nynorsksenteret

Born og dyr er nesten alltid ein god match. Også små born likar å sjå på bilete av dyr, lese om dyr og å vere saman med dyr. Derfor har vi valt å bruke dyr som tema for denne ressursen, i ein argumenterande tekst i norskfaget.

Hunden vert kalla mennesket sin beste venn, og mange born drøymer om å ha ein liten hund. I denne ressursen ser vi nærare på ulike hunderasar, og på korleis elevane kan argumentere for at akkurat den rasen dei vel, er den beste hunden for familien deira. Dette skal dei gjere gjennom ein samansett, digital tekst.

Målet for undervisingsopplegget er å:

  • Lage ein samansett tekst med skrift, bilete og faktaboks
  • Skrive ein argumenterande tekst
  • Bruke digitale ferdigheiter til å skrive teksten, setje inn bilete og lage ein tekstboks
Hund
Foto: Mathias Isenberg, flickr CC BY-ND

Arbeidsøkta startar med å kople på forkunnskapane elevane har. Kva veit elevane om hundar? Lag eit felles tankekart på tavla der de skriv ned fakta om hundar. Kva et dei? Kva treng dei? Korleis ser dei ut? Kva eigenskapar har dei?

Så kan de snakke saman om at det finst mange ulike hunderasar. Lat elevane tenkjeskrive i fem minutt og lage ei liste over alle rasane dei kjenner til. Etter skrivinga deler elevane listene med kvarandre, to og to eller i små grupper. Elevane kan også få lese alderstilpassa tekstar som handlar om hundar. Dette vil aktivere kunnskapen elevane har frå før, og motivere for å setje i gang idéfasen.

Døme på aktuelle tekstar om hundar:

Etterpå kan elevane velje ein hunderase som dei ønskjer å skrive om. Læraren kan med fordel vise ein modelltekst på tavla, slik at elevane ser korleis ein faktatekst om ein hunderase kan sjå ut. Slike tekstar er gjerne samansette av bilete, tekst og ulike tekstboksar. Elevane sine faktatekstar skal også vere slike samansette tekstar, i tillegg til å vere argumenterande. Ver derfor ekstra merksame på korleis slike tekstar ser ut. Læraren bør førebu ein del fakta om ulike rasar, slik at elevane enkelt kan finne opplysingar som dei kan bruke i teksten sin.

Skriveramme

Det neste steget er å repetere korleis ein skriv ein argumenterande tekst. Kva må ein ha med i ein slik tekst? Kva er føremålet med teksten? Her skal elevane skrive ein tekst med tre argument for kvifor denne hunden passar for dei og familien deira. Føremålet vil vere å overtyde foreldra om å få ein hund. Det kan vere føremålstenleg å gje elevane rammer og setningsstartarar i den første skrivefasen. Modeller for elevane korleis dei kan bruke skriveramma. Kva er eit godt argument? Kva kan eg grunngje argumentet mitt med?

I denne ramma kan elevane skrive ned stikkord til argumenta sine. Dei kan notere i ramma samstundes som dei les om den rasen dei har valt. Deretter skal teksten skrivast digitalt. Elevane bør få kriterium for skrivinga si, slik at dei veit kva forventningar ein har til teksten.

Rettleiinga frå læraren må fokusere på å skrive gode argument. Deretter kan ein jobbe med å grunngje argumenta. Kritieria for teksten hjelper elevane med å hugse på kva dei må ha med for å få ein god samansett tekst.

Oppgåva kan tilpassast fleire trinn. Desse døma er frå tredje trinn.