Lag ei brettebok

Brettebok

Brettebøker er små bøker som du kan skrive ut og brette sjølv. Det kan vere lurt å lese bretteinstruksjonane før du byrjar, og å skrive ut ein instruksjon til kvar elev. Skriv ut ei eller fleire av brettebøkene så elevane får bli kjende med formatet, brettinga og den kortfatta teksten.

Lag eigne brettebøker slik:

  • Elevane skriv ei kort historie på 7–14 setningar.
  • Læraren gir nokre igangsetjarar som boka skal handle om, ut frå faget eller temaet de jobbar med.
  • Ta eit blankt ark og brett etter malen. Klipp etter bretten slik som malen viser.
  • Framsida skal innehalde tittel på boka, namnet på forfattaren og gjerne ei lita teikning.
  • Skriv historia inn i boka, og fordel teksten slik at det er maksimalt to setningar på kvar side.
  • Illustrer boka om du vil og har plass.
  • Du kan godt lage brettebok i fleire fag. Til dømes kan du erstatte den skjønnlitterære teksten med fagstoff, som ei matoppskrift, faktastoff om dyr eller historiske emne.

Døme på brettebok

Her er eit døme på korleis ein slik sjølvskriven bretteboktekst kan sjå ut før han blir putta inn i brettebokformatet. Teksten er skriven av Simone, som var sju år då ho skreiv han.

Simone svømmer

Simone kan svømme, og det likar Simone.
Ho kan dykke heilt ned til botnen.

Ho kan ta ein backflip.
Simone går på svømmetrening kvar søndag.

Men ho likar aller best å svømme fritt.
Slik ho vil.

[Bakside]

Simone elskar å svømme!
Kor langt ned kan ho dykke?