Ærfuglen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Neste dag snorklar Styrk veldig lenge.
Zara sit og ventar ei æve før han kjem på land.
Og da er han kjempelei!
– Eg greier ikkje å finne ein skatt med ein ny bokstav,
i alle fall ikkje om skatten skal vere levande. 
Er det OK med denne fjøra? spør han. 

– Fuglar er vel ikkje frå havet? seier ho.
– Jo, ærfuglar er frå havet, seier Styrk. 
Han rettar fram fjøra og fortel
om ærfuglane som misser så mange fjører 
at dei ikkje lenger kan flyge. 
Heile sommaren, heilt til fjørene veks ut igjen, 
må ærfuglane leve i sjøen. 
Dei kan ikkje flyge, 
så dei må svømme med dei fjørlause vengene sine 
for å finne seg mat.

Zara tar imot fjøra, ho er lang og stiv og svart.
– Ho er frå ein hannfugl. Hannen er svart og kvit,
mens hoa og ungane er brune, fortel Styrk. 

Zara set ærfuglfjøra i håret.
– No blei du ærfugl-fin! seier Styrk.
– Men i morgon, når Gro kjem på besøk, 
blir det noko ekstra fint til kvar av oss, lovar du det?
– Æresord, dobbelt æresord, smiler Styrk. 

Æ