Ålekvabba

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Styrk svømmer åleine ute i sjøen,
og Zara sit åleine på kaia. 
Ho er berre fem, 
og likevel passar ho på storebroren sin. 

ÅÅÅ, det er så kjedeleg!
Om ho berre kunne tute litt i tubaen som ho har med!
Ho prøver. 
Først forsiktig. Så litt sterkare.
Brått blir det så sterkt at mor kjem springande. 
– Eg berre kjeda meg, forklarer Zara.
Men mor er så redd at ho er rasande.
Ho har tårer i auga når ho roper at
Styrk skal komme på land, og det straks!

Styrk vassar i land.
– Eg vil ikkje passe han meir, seier Zara.
– Synd, seier Styrk, – for eg har ei super gåve til deg!
Han held hendene fram.
Men Zara får ikkje sjå kva det er,
for han har eine handa over den andre.
– Først må du love å vere badevakt og å tute rett, seier Styrk.

Zara strekkjer seg mot Styrk,
ho har så lyst til å sjå kva han har.
– Passar du meg i morgon også? spør han. 
Ho tenkjer seg om.
Men så løftar han handa slik at gåva kjem fram, 
og da svarer ho straks ja. 
For kva er det ho ser?
Ei ålekvabbe – så lita og så søt!

Zara får halde ålekvabba,
og det er det finaste ho har kjent:
Ålekvabba er kald, men heilt levande likevel.
– Ho må snart uti igjen, seier Styrk.
Da kjem Zara på noko lurt.
– Gir du meg noko fint kvar gong eg passar deg? spør ho.
– Ålreit, svarer Styrk, – ålreit!

Å