Avtalen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Om Styrk skal få snorkle, må Zara passe på han.
For sjølv er ho for lita til å bruke snorkel, seier dei.
Styrk vil passast kvar einaste dag, så dei har gjort ein avtale:
Kvar dag skal Zara få ei gåve frå havet som lønn.

Ein dag seier Zara at ho vil ha eit armband. 
– Eg skulle jo finne gåva i havet, det var avtalen, seier Styrk.
– Kjedeleg! blæs Zara.
Ho vil ha ein ny avtale, men da kjem Styrk på noko:
– Det finst 29 bokstavar, og eg vil gi deg alle.
Ein ny bokstav rett opp av sjøen kvar dag, vil du ha det? spør han. 

– 29 bokstavar, det blir mykje passing, seier Zara.
– Du kan alt din eigen Z. Og min S, svarer Styrk.
– Og i dag kan jo A-en vere for avtale?
– Eg må tenkje på det, seier Zara og går.

– Den som kan bokstavane, kan lese. Og den 
som kan lese, kan alt, roper Styrk etter henne.
– Ikkje snorkle! roper Zara tilbake.
Styrk spring etter henne.
Han tar eit fast tak i armen hennar.
– Au, armen min, klagar Zara.
– Unnskyld, seier han.
Han bøyer seg og blæs på den vonde armen. 
– Lungene dine er for små, dei må vekse. 
Men for bokstavane er du akkurat passe, 
seier han med si aller snillaste stemme. 

Zara kjenner etter. 
Styrk har rett, ho er ikkje lita, ho er stor.
Det er bokstavane som er små.
– Hopp uti og hent resten av bokstavane, da! seier ho.

Styrk hoppar straks uti.
Kjem han til å greie å halde avtalen?
Klarer han å finne dei små bokstavane 
ute i det uendeleg store havet? 

A Belsvik