Bokstavhumrane

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Endeleg kjem båten som far arbeider på, inn til byen.
Der tar han første buss heim.
Men før det har han kjøpt byblomar.
Det er dét mor kallar gåvene far kjøper i byen. 
Mor får ny bikini, blå, med blekksprutar på.
Zara får ei bok, men den har ikkje bilde,
berre bokstavar, side opp og side ned.
Av bokstavane er det laga ord.
Orda er ordna i rekker.
Ord som byrjar på same bokstav,
står på same rekke.
– Ei ordliste, seier Styrk som kan lese 
og veit slike viktige ting. 
– Er alle orda i heile verda i boka mi? spør Zara.
– Nesten alle dei norske, seier far.
Ho klemmer han, hardt, for ho er så glad for bokstavgåva si.

Styrk får ein stor boks som far har slått 
beltet sitt rundt, slik at lokket blir tett.
Styrk opnar boksen, men alt han ser 
er ein bunke med våte aviser og blad.
Han vippar vekk dei blaute blada,
og så kjem det fram nokre beist av nokre reker.
Men dei er ikkje kokte, dei lever!
Dei strekkjer seg ut med eit rykk
og like brått buktar dei seg saman igjen.
– Bokstavhumrar, forklarer far, – ser de
bokstavane på bakkroppen?
Eg syntest det kunne passe bra til deg, Styrk,
som er så flink til å finne bokstavar frå havet!

Styrk løftar opp ein av bokstavhumrane, 
han har lange klør og ti par bein.
– Vi får vel koke lekkerbiskenen, seier far.
Men Styrk seier beint nei, han grip boksen og spring.
Nede på berget tar han snorkelen på, 
og så svømmer han frå land med boksen.

Ute i bølgjene lèt han humrane få dale ned 
på havsens botn med alle dei fine bokstavane sine.

B