Celledyra

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Ved frukostbordet spør Zara Styrk:
– Kan eg få eit ørlite C-dyr i dag?
– Eit celledyr, meiner du? spør Styrk.
Zara nikkar, for ho har ein plan.

Styrk reiser seg frå frukostbordet. 
Juice-flaska tar han med. 
Først var ho full av C-vitamin frå California,
så blei ho tom, men no skal ho fyllast med celledyr. 
I kvar ørliten slurk, ein centiliter berre,
kan det vere opptil ein million små dyr.

– Cirka ein billion! seier Styrk.
Han gir Zara den fulle flaska.

Zara held flaska mot sola.
Ho ser ikkje dyra, men ho veit at dei er der.
Dei er der, dei svømmer, dei pustar og et og bæsjar.
Tenk at noko kan vere så lite
og likevel greie alt det!
Ho set dei forsiktig ned.
Så triv ho tubaen og blæs det høgaste ho klarer. 

Mor kjem springande. 
– Har de blåse i tubaen utan grunn? spør ho. 
Da seier Zara at ho har riktig god grunn,
for no skal dei få høyre kva ho har oppdaga.

Zara tutar enda ein gong, så seier ho 
at dei må høyre godt etter, for ho skal seie noko viktig:
– Mor er mindre enn far, men eg er like glad i begge.
Styrk er mindre enn mor, men eg er også glad i han.
Det er ikkje kor stor ein er, det kjem an på,
men at ein er til og kan puste!
– Og ete og bæsje, seier Styrk.
– Ja, og svømme, legg mor til og klemmer han inntil seg.
Zara får ho ikkje klemme, for Zara må blåse.
Ein høg og klår tone, ein kjempeflott C,
flyg ut av tubaen som ein fanfare for alle som er små.
– Vår vesle, kloke Zara, seier mor.

C