Daudinghand

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Mor har fletta krone i håret til Gro og Zara.
I dag er dei dronningar, dekte med dingeldangel.
Men dei må likevel passe på Styrk.
– Vi kan vel danse litt? spør Gro, for ho kjedar seg.
– Ikkje ver dum, seier Zara, – vi må vakte
som om vi var detektivar, elles kan Styrk drukne!
Heldigvis kjem ein båt forbi, og dei i båten vinkar.
– Vink tilbake, slik dronning Sonja gjer på 17. mai! jublar Gro.

Men når båten er borte, blir det dønn kjedeleg
å vere dronningar og ikkje gjere anna enn 
å dingle litt med øyrepynten.

Da – med eitt – stikk det ei hand opp av havet!
Ei kvit og klumpete hand med berre tre fingrar.
Den fæle handa kan jo gripe tak i Styrk!
Den fæle handa kan jo trekkje han under!
Zara triv tubaen og tutar tre gonger.

Da dukkar hovudet til Styrk opp.
– Ikkje tut, det er eg som held handa! roper han,
men mor kjem alt farande. 
– Eg vinka med ei daudinghand, 
ei diger klynge med små dyr som heiter korallar, seier Styrk.
– Og dette var skatten som jentene skulle få? spør mor.
– Ja, gliser Styrk, – om dei ikkje heller vil 
at eg skal svømme ut og vinke til dei igjen?
– Dronningar kan bestemme sjølve, seier mor.
Ho hentar ein diger kartong med kald druesaft.
Den har to sugerøyr, så jentene kan drikke samtidig.
For to dronningar kan vel dele? 

Innimellom vinkar dei til Styrk,
som undersøkjer grundig alt som er nede i djupet.

D