Eremittkrepsen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Zara og Styrk hjelper kvarandre.
Zara passar Styrk mens han snorklar.
Styrk tar fine ting opp av havet til Zara.
Mor, som må arbeide på kontoret, synest at dei er flinke.
– Eit eineståande samarbeid, seier mor.

Ein dag får Zara eit sniglehus av Styrk.
I opninga stikk det fram to klør.
– Ein eremittkreps, seier Styrk.
– Kom ut av huset ditt, så eg får sjå deg! seier Zara.

Zara set sniglehuset ned i fjøra,
og straks kjem det ut eit hovud og fleire føter.
Dei fer av garde med sniglehuset.
Ho må nappe det til seg. 
– Ein eremittkreps går aldri ut av huset sitt,
han er redd for å bli eten opp.
For han har ikkje skal på bakkroppen, fortel Styrk.
– Bur han heilt åleine og går aldri ut? 
undrast Zara. – Er han ikkje veldig einsam? 
– Det er jo derfor han heiter eremitt-kreps.
Ein eremitt er ein som bur åleine.
– Men sjå! Det er nokon oppå huset hans! roper Zara.

Dei legg eremittkrepshuset i ein kopp med vatn
og går opp i sitt eige hus for å vise han til mor.
– Ein eremittkreps har alltid leigebuarar, fortel mor.
– Det er små skapningar som hjelper eremittkrepsen.
Somme av dei gøymer han, og somme held han rein.
Mens krepsen sjølv flyttar rundt på dei alle, 
så dei kan finne mat. 
For det er berre han som har føter. 
– Samarbeid, altså, seier Styrk og gir Zara ein klem. 

E