Flyndra

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Når far er ute på havet og jobbar, saknar Zara han.
– Eg vil ha far sin bokstav, seier ho til Styrk.
– F for far eller Ø for Øyvind? spør han. 
Zara funderer litt før ho seier: – F, for far.
Men det må vere noko fint, for eg er så glad i han.

Styrk finn fram ei flaske med ein veldig vid tut
og legg henne flatt ned i sjøen.
Sakte flyttar han føtene på sandbotnen.
Men så … fer han fram og grip flaska!
Fekk han ein F?
Han viser fram flaska, men Zara ser berre sand.
– Væt hendene dine, seier han, – og hald dei fram 
mens du spriker litt med fingrane.

Zara væter fingrane og formar dei til ei lita skål.
Forsiktig tømmer Styrk flaska,
og vips så ligg det ein liten levande flekk der: 
ein flat fisk – ei flyndre. Noko så fint!
– Ikkje hald henne for lenge, seier Styrk.

Zara legg flyndra forsiktig ned i sjøen. 
Først ligg den vesle fisken heilt stille,
så flyt han litt opp før han fer utover i sanden.
Fort, fort! 
– Farvel, vesle flyndre! seier Zara.
– Flyndra forsvann, men F-en er att, 
han er i føtene dine, i fingrane og i freknene dine.
Og i far, som kjem neste fredag, forklarer Styrk.

F