Grisetangen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Gro kjem på besøk, men dei får ikkje leike,
for Zara må jo passe på Styrk!
Begge sit og glanar ut på sjøen.
Om Styrk berre kunne komme opp med dagens gåve!
Men den ser det ut som han har gløymt.
Han ligg berre og plaskar og tullar.
– Nei, no gidd eg ikkje meir, seier Gro. 
– Kom på land! Vi vil gå og leike, roper Zara.

Da dukkar det opp eit grufullt hovud.
– Grøff! Grøff! gryntar det og gjer
dei mest groteske grimasar.

Men … det er jo berre Styrk!
Han vassar inn på grunna.
Han bukkar galant, heile hovudstasen glir fram.
– Her kjem grisetang av gull, gryntar han. 
Gro ler så ho nesten må gråte.
Tenk å ha ein så galen bror!

– Før var dette godteri for grisar, fortel Styrk.
– Æsj, seier Gro.
– Jo, dei likte å gnafse i seg tang, seier Styrk. – Men
no blir grisetangen helst brukt til trylling.
For eg er ein trollmann frå havet, 
og no skal du, Zara, bli ei gudinne! 
Han grip tangen og held han over Zara.
Ho får ein diger parykk av gull.

– Skal Gro også gjerast om til ei gudinne? spør Styrk.
Gro vil det! 
Og straks får også ho ein gyllen parykk.

Styrk vassar tilbake i havet, han kan snorkle trygt, 
for to vaskeekte gudinner vaktar han! 

G