Haien

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Det er dagen da far skal komme heim.
Zara har ikkje sett han på ein halv månad.
Ho har lengta slik etter han!
Men først må Zara sitje og halde oppsyn med Styrk
som skal snorkle. 

Styrk hoppar uti.
Zara ser berre hælane på han,
hovudet er som alltid i vatnet.
Ho håpar han finn noko ekstra fint. 

I dag går det fort,
Styrk strekkjer handa i vêret. 
Zara ser ei ørlita brun pute
med rare krusedulltrådar i hjørna.
– Det er eit egg frå ein hai, roper Styrk.
– Eit firkanta egg? undrast Zara.
– Ein stor hai har lagt det, og ein liten hai ligg inni!
fortel Styrk. – Det er ein eggkapsel, 
trådane hadde hekta seg fast i tangen.

Zara får halde kapselen.
Han er litt mjuk og litt hard.
Er det verkeleg ein hai der inne?

Styrk fortel at først utpå sommaren 
kjem den vesle haien ut.
Heilt for seg sjølv begynner han å ete.
Den ørvesle haien blir større og større. 
Nesten ein meter kan ein slik hai bli.
Men det veit jo ikkje han mens han veks, 
for han har aldri sett verken far eller mor. 

– Tenk å vere så liten og skulle bli farleg og stor
utan å vite om det, seier Styrk. 
– Så liten og heilt utan far og mor, seier Zara. 
– Ja, og storebror, skundar ho seg å leggje til,
mens ho klemmer seg inntil den våte halsen hans.

H