Ingenting?
Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
– Kva for bokstav får eg i dag? spør Zara.
– Vent og sjå, seier Styrk og hoppar uti sjøen.
Zara ventar, for ho skal få noko kvar dag.
Slik er jo avtalen mellom henne og Styrk!
Endeleg kjem Styrk opp.
Han knip hendene saman kring noko.
Det må vere noko veldig fint!
– Hokuspokus! roper Styrk og rettar hendene fram.
Men … Zara ser jo ingen ting!
– Du har ingen ting, seier ho.
– Ein million celledyr, er det ingen ting? spør han.
Ho går nærare, men nei, ho ser ingen ting.
– Dei er små, men dei er der, forklarer Styrk.
Ho bøyer seg over hendene hans.
Inga gåve er å sjå!
– Du juksar! Eg vil aldri meir passe deg!
roper ho og spring opp til mor.
– Kva er på ferde? spør mor.
Zara seier at Styrk ikkje held seg til avtalen,
han vil gi henne noko som er så lite at det ikkje finst!
Mor tenkjer seg om: – Og kva er det som er så lite?
– Nokre idiotiske insekt, blæs Zara.
Da kjem Styrk setjande og seier at det ikkje var insekt.
– Insekt er kjemper samanlikna med desse dyra.
Desse dyra er så små at dei berre har éi celle i kroppen.
– Éi einaste celle, så interessant, seier mor.
Så fortel Styrk at den eine cella gjer det same arbeidet
som alle våre store innvolar: puste og ete. Og bæsje.
Alt kan den eine cella gjere, enda så lita ho er.
– Du store! seier mor.
– Unnskyld, seier Zara.
– Alt i orden, seier Styrk.
Styrk innrømmer at han oppførte seg irriterande.
Zara innrømmer at ho har lyst til å passe han likevel.
Mor smiler og inviterer begge på is.