Jålekrabben

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Ein morgon spør Styrk om Zara vil ha ein jålekrabbe.
– Jepp!
Og jammen kjem Styrk med ein krabbe 
som har pynta seg med havets juvelar:
små dottar av tare og tang.
– Dei er ikkje berre til pynt, må du tru, 
for tangen gøymer krabben når han fer rundt og 
jagar etter mat. Sjå alle dei føtene han har!

Zara ser på dei 8 jamlange føtene,
og den rare ryggen med krokar for tang
og anna merkeleg, men nyttig jåleri. 
– Det er ein jålekrabbe, forklarer Zara 
når mor kjem ned og spør om Zara også vil bade.

Både mor og Zara hoppar uti,
mens Styrk sit på land og studerer krabben.
Først når Zara kjem på land, får krabben komme uti sjøen.
– Farvel, jålekrabbe! vinkar Zara.
Og plutseleg seier Styrk:
– Eg er ein juksemakar!
– Nei, seier mor.
– Jo, seier Styrk, – for det heiter ikkje jålekrabbe.
Det heiter pyntekrabbe, eg kom ikkje på det før no.
– Det var jammen likt, seier mor. 
– Men det blir juks, så i morgon skal eg finne ein ordentleg J.

Da seier Zara at pyntekrabbe er fint,
men jålekrabbe er enda finare.
Ho vil slett ikkje ha nokon ny J, 
for da blir dei ikkje ferdige før jul.

J