Krabben
Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Zara passar storebror sin.
Ho sit med tubaen, klar til å tute.
Dersom det hender noko, må ho varsle mor.
Zara kikkar utover sjøen.
Ho kjedar seg litt, men vil ikkje klage.
Styrk har jo lova henne ein skatt.
Om ho berre kunne få han snart!
Brått kjem Styrk til syne.
Han krålar mot Zara.
– Er du klar for dagens bokstavskatt? spør han.
Ho rettar handa fram.
– Lukk auga! kviskrar han.
Zara knip auga igjen.
I handa kjenner ho noko kvast.
Det kriblar og kryp. Og kiler!
Ho klemmer til.
– Forsiktig med det vesle krypet, seier Styrk.
Zara opnar auga.
Ein krabbe!
Ein krabbe med ørande små klør
og ei lita kvit kringle på ryggen.
Men kva er det han gjer?
Han klyper!
– Ditt krek! skrik Zara og kastar han frå seg.
Først krøllar krabben seg saman,
så klatrar han over kjolen,
kryssar knea til Zara og krabbar alt han kan mot havet.
Føtene er korte, men farten er kolossal.
Han veit nøyaktig kva kant han skal til.
Han treng ingen til å passe på seg.
– Var ikkje det ein fin K? spør Styrk.
– Kjempefin! svarer Zara.