Lopper og lus

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Neste dag kjem Styrk opp av sjøen med
eit skjel som han har lagt handa si over.
– Ver forsiktig, elles rømmer dei! seier han.

Zara bruker si hand til lokk.
Litt etter litt løftar ho lokket av.
Er det to larvar ho ser?
– Lopper, seier Styrk.
– Ikkje i sjøen, du lyg! roper Zara.
Styrk ler og seier at det er ikkje løgn, 
for det er både lopper og lus i sjøen.
Men dei er ikkje like: Lopper er runde i ryggen.
Lus er litt flatare. 

Dei to loppene dansar i skjelet.
Dei ligg litt i ro, så legg dei i veg med leiken igjen.
Dei er så livlege. 
Og lure også?
For brått gjer dei kvar sitt lange byks 
ut av skjelet og ned i lyngen.

Zara leitar etter dei.
Ho leitar og leitar, så dei ikkje skal døy.
For sjødyr kan jo ikkje puste på land! 
Men da seier Styrk at ho skal ikkje vere lei seg,
for lopper og lus og nokre andre luringar 
kan puste like godt i luft som i vatn. 
– Men vi luringar liker oss no best i det våte, ler Styrk
og bykser som ein laks uti sjøen igjen. 

L