Maneta

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Far vil hjelpe Zara med å passe Styrk som snorklar.
Dei sit på berget med den nye boka.
Zara fortel om alle bokstavane ho har lært.

– Kom med ein ny bokstav! roper ho ut til Styrk.
– Masekopp, roper Styrk tilbake.
Men mindre enn eitt minutt etter er han der.
– M for manet! seier han.

Heldigvis er det ei glasmanet han har med,
og ikkje ei manet som svir når du tar i henne. 
– Ho har gift som svir, glasmaneta også,
ho lammar dyr som ho vil ete.
Men gifta er så svak at vi menneske ikkje merkar henne, fortel Styrk.

Zara ser på den gjennomsiktige maneta.
– Korleis kan ho ete, ho har jo ikkje mage?
Men da må Styrk le!
– Fire magar har ho, og dei sit i midten, 
mellom nokre armar som viftar maten inn i munnen. 
Men same kor mykje ho et, så er ho mest vatn. 

Zara kjenner på maneta, ho er lita og mjuk. 
– Somme sortar er små, berre nokre millimeter.
Andre kan bli meir enn ein meter, seier Styrk.
Han legg maneta tilbake i sjøen.

Ein måke styrtar mot maneta.
– Vil han ete henne? undrast Zara. 
Men Styrk meiner nei, det er det berre månefiskar som gjer.
– Alt du veit! Du er ein meister, seier far.
Da blir Styrk så flau at han stuper uti igjen. 

M