Nisa

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Ein kveld vekkjer Styrk Zara.
– Skund deg, så skal du få sjå noko, seier han.
Han tar handa hennar.
Saman spring dei ned til naustet. 

Mor og far er også der.
Dei står og stirer ut på havet. 
Det er jo natt, men slett ikkje mørkt, 
for ein stor fullmåne lyser ned på vassflata.
Og opp i lyset dukkar det nakne, svarte ryggar. 

Dei er små kvalar!
Dei fer opp og ned.
Dei pustar og blæs.
– Det er niser, seier Styrk. – Og dei har så små nasar, 
berre nokre hol, men dei dreg inn nok luft likevel.

Nisene kjem nærare og nærare.
– Munnen er som nebb, seier Zara.
– Dei skal nok nordover, dei følgjer silda, seier mor.
– Berre dei ikkje går inn i ei not, sukkar Styrk.

Ei nisemor fer forbi med ungen sin, 
eit lite nisenurk som ho nufsar kjærleg i. 
Zara seier at ho aldri har sett noko så nusseleg. 
– Og så nyttig, seier far, – for no har du 
fått ein nydeleg N som høyrer havet til!

N