O-skjelet

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Styrk snorklar.
Zara sit på land med tubaen hans.
Ho overvaker Styrk.
Observerer, som far ville ha sagt, 
for han er oppsynsmann langt ute på havet
der olja blir tatt opp. 

Zara stirer på snorkelen, eit lite røyr på overflata. 
Røyret fer bortover, det er alltid rett over Styrk. 
Og så lenge ho ser røyret, er alt i orden.
Men dersom røyret forsvinn, skal ho varsle.
Ho skal tute i tubaen, tre tut.

Brått blir snorkelen borte!
Ho triv tubaen.
Ho må tute.
Ho må varsle mor!

Men der kjem Styrk til syne igjen.
Han strekkjer handa i vêret.
– Ein skatt! roper han.
Han vassar i land og gir Zara skatten: eit digert skjel.
– Eit blåskjel, berre? blæs ho. 
– No, no, no, seier Styrk, som kan engelsk og alt.
– Det er eit o-skjel! Ser du ikkje O-en? 
Han peiker på ein liten kul lengst framme.
– O-skjel kan bli over 40 år, seier Styrk, 
– så dei har ofte perler. Og no kan du velje:
Du kan leite etter perla, eller la skjelet leve.
Du bestemmer!
Zara stryk på skjelet.
Kva skal ho gjere med skjelet sitt?
Skal ho verkeleg opne det?

O