Østersen

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Når far er på arbeid ute på havet, saknar Zara han.
Ho saknar han veldig.
Veldig, veldig!
– Gi meg bokstaven til far, seier ho til Styrk ein morgon.
– Ø for Øyvind skal bli, seier Styrk.

Litt etter kjem han opp med eit skjel.
Det ser ut som ei skål.
– Øvste delen av eit østers-skjel, seier Styrk.
– Og kvar er østersen, da? spør Zara.
Styrk trur han er eten av ein steinbit,
for den fisken har tenner skarpe som ei øks.

Skjelet er stort og tungt.
Inni er det glatt, men utanpå er det 
som kinnet til far når han er skjeggete.

Zara legg østersen mot øyret sitt,
og straks skjer det noko merkeleg:
Ho høyrer bruset frå havet!
Ho fortel det til Styrk,
men han seier at det er lyden frå hjartet hennar.
Mitt hjarte i eit skjel frå havet? tenkjer Zara.

Zara legg østers-skjelet i ei øskje for berre fine ting.
Men før ho sovnar den kvelden,
tar ho det fram og legg det over øyret.
Ho vil at skjelet skal syngje ein godnattsong for henne.
Ein song om havet med ørande små fiskar og skjel
og kjempestore skip og boreplattformer,
og om far Øyvind som arbeider der ute,
men alltid tenkjer på Zara si.

Ø