Posthornmakken

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Styrk er storebror, han kan snorkle.
Han svømmer og prustar i vassflata.
Men aldri åleine, nokon må vere der for å passe på han.

Når mor og far er på arbeid, 
er det Zara som passar på Styrk.
Og som lønn for passinga får ho ein presang kvar dag:
Styrk skal ta han opp av havet.

Kva får eg i dag, ein piggete pyntekrabbe? tenkjer Zara. 
Ho ser at Styrk dreg pusten før han forsvinn ned i djupet.

På ein blunk er Styrk oppe igjen
og peiker mot Zara med noko han har funne. 
Eit skjel med ein liten krusedull.

Zara pressar peikefingeren mot krusedullen.
Han er hard som porselen.
Kan det vere ein fiskebæsj som er blitt så hard?
– Huset til ein posthornmakk! seier Styrk.
– Postmannen må komme ut, forlangar Zara. 
Ho pirkar i opninga og prøver å få han ut. 
Men da seier Styrk at det ikkje nyttar å presse makken ut, 
for han er berre ute når han et. 
Da stikk han hovudet fram og liksom pumpar maten til seg.
– Pøh, fnyser Zara. – Eg vil ikkje ha ein slik puslete pikkelur!
Og så slengjer ho skjelet frå seg, så Styrk får det midt i planeten.
Blodet piplar fram!

Å, nei, kva har Zara gjort med han som ho skulle passe på?
– Eg meinte det ikkje! Og posthornmakken er heilt ok, 
seier ho mens ho pressar peikefingeren 
hardt mot såret i panna til bror sin.

Men Styrk er ikkje noka pyse!
 – Gi meg eit plaster, ber han og bukkar til henne 
som om ho var ei prinsesse.
Høgtideleg takkar han for at ho tar seg tid 
til å passe han kvar einaste dag!

P