Quiz

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

I går fekk Zara eit skjel av Styrk.
Ho opna det og fann ei lita blå perle.
– Gi meg eit bokstavskjel i dag også, seier ho til Styrk.
– Eit o-skjel, meiner du? spør han.
– Er ikkje O ein bokstav?
– Jo, O er ein bokstav, seier Styrk.
– Så gi meg eit bokstavskjel med perle!

Styrk hiv seg uti og kjem opp att med eit skjel.
– Eit kuskjel, seier han.
– Med perle?
– Eg veit ikkje, svarer han.
– Inga perle, inga passing, seier Zara.
Ho legg frå seg tubaen og spring.
– Q er jo ein bokstav, roper Styrk etter henne.
– Q er ein O med ein hale på!

Zara spring vidare, ho vil ikkje høyre på slikt tull.
Det er best ho går opp og spør mor.
– Styrk lurer meg, klagar Zara til mor. – Han 
seier at ku er ein bokstav, men ku er jo eit dyr?
Da seier mor noko forferdeleg.
Ho seier at Styrk har rett, 
og at Q er ein av dei 29 bokstavane våre.
– Q må til om du vil skrive quiz, spørjeleiken, altså.
Og quickstep, ein morosam dans. Kom! seier mor.
Ho svingar Zara med seg i ein vill dans.
Zara må le, mor er så rar, ho spenner frå som ei ku.
Men så må mor arbeide, og Zara må spørje seg sjølv:
Vil eg ha ein masse med bokstavar? Vil eg det? 

Q