Reka

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Zara sit i støa.
Styrk svømmer rett framfor henne,
både ryggen og rumpa er oppe av vatnet.
Han svømmer så roleg.
Han rører seg så vidt.
Men brått set han beina ned i botnen
og rekker hendene i vêret.
– Ei reke! roper han.
Zara vassar uti og rettar hendene fram.
Sjø og sand renn nedi dei.
Og reka.
Men … !
Er ikkje reker raude? Eller rosa? 
– Ikkje når dei er levande, seier Styrk. – Det er 
når ein koker dei, at rekene blir raude.

Zara ser på reka.
Ho har ein lang, litt rund rygg,
gjennomsiktig, men hard som ein rustning.
Store auge stikk fram, og ein rar, 
spiss nase med lange buster.

Og så mange føter på rekke og rad! 
Reka rører på dei, ho rusar rundt 
i ein liten ring i handa til Zara.
Det kiler, og Zara rykkjer til.
Men da er reka rask.
Ho rullar seg saman og sprett ut av handa.
På små, rappe føter rømmer ho.
På ein, to, tre er ho i sjøen igjen!

R