Styrk

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Styrk spelar i skulemusikken.
Han er flink, for han har store og sterke lunger.
Zara kunne også ha likt å spele, 
men Styrk seier ho er for lita. 

Før sommarferien var Styrk på basar,
og der vann han ein snorkel!
Det er jo supert for ein som liker å blåse, 
så han sprang heim.
Han gledde seg svært til å snorkle. 

Zara ville også prøve å snorkle.
– Du er for lita, sa Styrk. 
– Ver så snill, bad ho.
Men han heldt på sitt, 
ho fekk ikkje prøve på land eingong.

– Eg skal svømme heile sommaren, sa Styrk. 
Men mor sa strengt nei. 
– Far skal på sjøen, og eg sit på kontoret, 
så kven skal sjå etter deg? spurde ho.
Styrk blei både sint og sur.

Men Zara blei så blid!
– Eg skal sjå etter han, jubla ho,
– eg skal stire ut på sjøen.
Og viss snorkelen ikkje stikk opp, så varslar eg!
– Eg stoler ikkje på at eg høyrer deg, sa mor.
– Eg blæs i tubaen, sa Zara. – Tre tut er signalet på fare!
Mor såg på Styrk.
– Vil du det? spurde ho.

Det blei slik.
Zara skulle passe storebror sin.
Trur du sommaren blei fin?

S