Tubaen
Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik
Zara får låne tubaen til Styrk.
Men ein tuba er tung å halde
og enda tyngre å få lyd i.
Ho prøver, men det blir ingen høg og fin tone,
det blir berre: – ttttttttttttttt.
– Det er for svakt, seier mor.
Zara prøver igjen: – TTTT.
– Eg høyrer det ikkje oppe på kontoret,
så Styrk får berre ta det med ro, seier mor.
Men Styrk vil ikkje ta det med ro.
– Gjer leppene til to tynne strekar,
seier han til Zara. – Og ta i!
Ho legg munnen så tett ho kan
mot tubaen og tar i: – Tuuut!
– Det var betre, seier mor tilfreds.
Så spring ho opp på kontoret
for å sjekke om lyden kjem heilt dit.
Zara tutar: – Tut-tut-tut-tuuut!
Mor kjem tilbake.
Ho høyrde tubaen godt.
No er det berre for Styrk å ta på snorkelen
og kaste seg uti, for Zara passar på.
Ho har tubaen klar.
– TUUUT!