Ulka

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Det kjem eit uvêr sigande frå havet.
Men Styrk vil likevel snorkle.
Han vil nemleg uti med ei mjølsikt! 

Han svømmer under vassflata, 
ustoppeleg undersøkjer han kvar stein.

Zara gler seg så veldig til å sjå kva han finn.
Ho må tute litt i tubaen, heilt uhøyrleg sjølvsagt,
så mor ikkje trur det har hendt ei ulykke.
– Ikkje ver så utolmodig, seier Styrk.
Han svømmer forbi Zara enda ein gong,
men brått stikk han mjølsikta i vêret.

Zara tar imot: Det ligg ein liten fisk der.
Han ser underleg ut. 
På det breie hovudet sit ein utvekst.
– Det er ei ulke, så ho må vere i vatn, seier Styrk. 
Zara veit sjølvsagt det, så ho duppar sikta heilt under.

Først ligg ulka heilt urørleg, 
men så breier ho finnane ut og siglar utover.

Zara ser på Styrk. 
Ho er useieleg glad for å ha ein slik bror.
Her om dagen blei dei nesten uvenner,
så ho ville setje ein stoppar for svømminga hans.
Men i dag har ho fått eit under av ein fisk.
– Du er verdas mest uskikkelege bror,
seier ho og gir han ein god klem 
før ho skubbar han ut i sjøen igjen.

U