Wivian

Tekst: Erna Osland
Illustrasjon: Inger Lise Belsvik

Styrk har snorkla heile sommaren
og tatt mest heile alfabetet opp av havet!
Det er ikkje mange bokstavar igjen,
Zara har sjekka det i den nye boka si. 

– Det er berre 5 bokstavar igjen!
seier Zara og viser dei til Styrk.
– Eller kanskje det er berre 4? undrast ho,
for to er veldig like, 
den eine er den andre dobbelt opp.
– V er vanskeleg å finne nedi sjøen, sukkar Styrk.
– Er V-en verkeleg så vanskeleg å hente opp av vatnet? undrast mor.
– W er enda verre, seier Styrk.
– Eg veddar på at du greier det! ler mor.
– Kva veddar du, da? vil far vite.
– Verdas største vaniljeis, lovar mor.

Far, Zara og Styrk går ned til sjøen.
Dei skal finne ein V.

Men V-en må Zara vente på.
Styrk svømmer att og fram i vasskorpa,
han finn ikkje anna enn vind og vatn!

Også mor kjem ned for å vite kor det går.
 – De må ikkje late som de ikkje greier det,
berre for å få is, ertar ho.
– I ferskvatn kunne eg ha henta opp ei vasslilje, seier Styrk.
– Kva med vasskoppar og vassmelon? spør far.
– Eller vasski? seier Zara.
– Vedgå at du har tapt veddemålet, Wivian, seier far.
Han vil gi henne ein vennleg klem, 
men ho skubbar han vekk og vrir kjolen av seg.
Ho spring over berget i ein veldig fart.
– No har du begge V-ane, roper mor til Styrk
idet vasspruten står. 

– Mi vakre, våte Wivian, ler far.
Han hjelper mor Wivian opp
så ho får skunde seg opp etter vaniljeisen. 

V